Skjer det noko i Bjørnafjorden då?
DEBATT: JA, det skjer, og har skjedd mykje i kommunen vår sidan 1. januar 2020!
Akkurat det er det ikkje mykje tvil om, sjølv om mange ofte rimeleg «høgrøysta» svært gjerne vil gje inntrykk av at ingenting skjer, og at det har skjedd svært lite denne valperioden.
Vi er usikre på om dei som jobbar i Bjørnafjorden kommune, og som har stått i nye utfordringar og tøffe omstillingar i lang tid, deler oppfatninga om at «ingenting skjer».
Det skjer noko kvart sekund og minutt i ein kommune, det blir levert tenester heile døgnet og nokon held hjula og maskineriet i gang.
Når ein også veit at Frp og Høgre, med støtte frå Magne Djuvik og MDG (2022) og Krf (2023) er dei partia som har fått sitt budsjett vedteke - blir «inntrykket» nokon vil skapa endå meir «trasig.» Det er dessverre ikkje mykje framsnakk av eigen kommune å spora!
Både Høgre og Frp uttaler at dei går til val på å bli ein JA-kommune. Vi er allereie ein JA-kommune.
Vi er ein ny, fersk kommune som leiter etter alle moglegheiter for utvikling og samskaping, og som ikkje fokuserer på begrensningar og «gamle etablerte sanningar»! Frp går til val med slagordet: Få fart på Bjørnafjorden! Vi meiner det er full fart i Bjørnafjorden allereie, vi må berre fortsetje å fokusere på den rette vegen vidare.
Dei som ikkje tidlegare har fått lest leserinnlegget vårt om JA-kommunen i plan-og byggesaker, kan lese det her:
I møte med innbyggjare og velgjare får vi mange spørsmål, gode spørsmål, og av og til spørsmål som kan vere vanskelege å finne gode svar på sett i lys av den tida vi er inne i. Likevel er dei fleste svært godt nøgde med livet i Bjørnafjorden. Det er trygt og godt å bu her, næringslivet skryt av samhandling og vilje til samarbeid, og fleire uttykker ønske om å få seie nettopp det! Dei meiner også at det er for lite positivitet kring alt det gode som skjer, og ber oss om å svara på «kritikken» med å vere endå flinkare til å vise det fram!
Då tenkjer vi at det er kjekt å kunne vise til noko av det som faktisk har skjedd i den nye og ferske kommunen vår.
Å slå saman to kommunar er eit krevjande arbeid, i tillegg skal ein skapa ein felles kultur og tilhøyrigheit.
I 2020 gjekk vi inn i den tøffaste tida for landet vårt etter krigen, to år med pandemihandtering og kriseleiing lokalt. Så kom handtering av heilt nye økonomiske utfordringar gjennom kommunesamanslåinga og den brå avsluttinga av SIO.
No er det krig i Europa, og alle dei utfordringane og endringane det medfører for oss alle på så mange område - også kommunale.
Det er då ekstra trasig at nokon ønskjer å bruka ein kvar anledning til å «så inn» inntrykk av at ingenting skjer - når ein veit at det aldri har vore større fart.
Kanskje dette kan vere ei grei «oppsummering» så langt i valperioden:
Dette har skjedd (utan å gløyma det som skjer heile tida på drift):
- Økonomiske nedtrekk på 90 millionar gjennom Bjørnafjorden 22 prosjektet i 2020 og 2021.
- Arbeidsplassar: Det er lagt til rette for skaping av rekordmange nye arbeidsplassar, over 500 nye arbeidsplasser i privat sektor i Bjørnafjorden ( mot under 200 dei siste 8 føregåande åra)
- Kommunedelplanen (arealplan) for Bjørnafjorden vest (gamle Os kommune) er vedtatt. Viktig for utvikling og vekst, og skaper forutsigbarhet for næringsliv, innbyggar og utbyggar. Det er tolv år sidan forrige plan.
- Lyseparken: Vedtatt plan etter mekling i vår periode, klar for utbygging og fleire signeringer er venta hausten 2023.
- Samnøy industriområde: Full fart med bygging av tømmerkai, Bolaks etablerer seg og fleire tomter klare for signering.
- Fleire næringsområder i kommunen opplever etterspørsel for etableringar.
- Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS) 100% kommunal eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.
- Områdeplan Eikelandsosen vedteken.
- Sentrumsplan for Osøyro vert forhåpentlegvis vedteken haust 2023.
- Ny E-39 opna. Og vi fortsetter jobben med nye løysingar for bompenger på sideveg saman med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.
- Åsen-Helleskaret (oppstart 23),
- Pendlarparkeringar etablert m.a. i Lyseparken og på Venjaneset.(aug.23)
- Gang-sykkel langs Hatvikvegen klar for anbod i sommar.
- Trafikksikring Sperrevikvegen, Nilsavegen, Borgavegen, Baldersheim, Hegglandsdalsvegen (ferdig 2023) Trolldalen under prosjektering/grunnerverv gjennom Miljøløftet og fleire mindre trafikksikringstiltak gjennom Miljøløftet som t.d fortau Gymnasvegen.
- Stallabrotvegen.
- Vedtatt Trafikksikringsplan og fått sertifisering som Trafikksikker kommune.
- Bygd Giskavollen Parkeringshus med fotballbane oppå og etablert parkering på «Statoil-tomta».
- Fått på plass parkeringsløysning Osøyro (oppstart haust 23)
- Ny Brannstasjon Eikelandsosen
- Kjøkken på Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet.
- Dagsturhytter på Borgafjellet og Vetlevarden
- Ny Jettegryto Barnehage
- Borgafjell barneskule med stort uteområde for leik/fotballbane/utehall
- Utehall Lunde barneskule
- Aktivitetspark/uteområde Søfteland Skule
- Ferdigstilt Os idrettspark (bl.a klatrevegg, hoppegrop, kampsportrom)
- UngArena / Os aktiv / fotballbane på Giskevollen parkeringshus
- Leikeplass Os barneskule/Røde Kors tomta
- Bufellesskap Søfteland ( oppstart bygging 2023 )
- Microhus (oppstart bygging 2023 )
- Utbetring barnehagen i Strøno (helseverngodkjenning)
- Kafé Kuli, ASVO si etablering av kafé i rådhuset
- Hjelpemiddellager/ Bygg til heimetenesta Os ( vedteken i budsjett)
- Utbygging av breiband og mobildekning (snart 100%)
- BUA, utlånssentral. Gratis utlån av fritidsutstyr for alle, både sommar og vinter.
- Familiens Hus, samlokalisering/samhandling av tenester for born, unge, familiar
- Rask psykisk helsehjelp
- Livskvalitet, ski- og sykkelverkstad etablert på Osøyro
- Fleire nærmiljøannlegg etablerte, utbetringar og bidrag til rehabilitering av idrettsannlegg.
- Pumptrack Eikelandsosen
- Etablert beredskapsavtaler med Røde Kors og Sanitetsforeningane.
- Tilskot og samarbeid til fleire ulike tiltak for eldre, Seniordrosje osv.
- Demenskor etablert april 2023 etter direkte initiativ frå ordføraren.
- Nye parkeringsannlegg ved friområda i Ervikane og Smievågen. Jobbar for igangsetting av Steinavikjo friområde.
- Kjøpt Leirvågen. Sikre allemannsretten og tilgang til sjø/friområde i eit generasjonsperspektiv.
Tydeleg politisk styring:
- Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS) 100% kommunal eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.
- Politikarane ut av styrer i kommunalt heileigde selskap. Dette er viktig for å hindra rolleblanding og sikra gode komplementere styrer og medverknad frå innbyggjarane.
- Rydda opp i Os Bygg og Eigedom As og lagt selskapet «sovande»
- Fastlegeordninga sikra gjennom etablering av Bjørnafjorden-modellen, som no blir hylla av både helseministeren og andre kommunar. Modellen gjer det meir attraktivt å vera fastlege i Bjørnafjorden kommune. Det handlar også om tryggleik for både lege og pasient.
- Ny legevaktordning som sikrar legevakt i Eikelandsosen.
- Endeleg etablert kjøkken på Luranetunet og utvida kjøkkenet på Fusa Bu og Behandlingssenter.
- Fortsette jobben med å auka antall heile faste stillingar. Vi er på rett veg, og fekk nyleg Delta sin pris for beste kommune i Vestland for utlysing av heiltid for helsefagarbeidere.
- Etablert BUA, gratis utlånssentral for sport og fritidsutstyr.
- Trygg styring gjennom Covid. Etablerte lokalt næringsfond med Covid-støtte, og den lokale frivilligheita fekk støtte under Covid.
- Talet på lærlingar i kommunen har blitt auka når vi hadde budsjetta (2020 og 2021), medan det har stansa opp dei siste to åra med budsjetta til Frp+H og støttepartia deira. Arbeidarpartiet i Bjørnafjorden går til val 2023 på nytt lærlingeløft!
- Etablert Bemanningssentral innan helse og omsorg.
- Menn i helse, prosjekt saman med NAV for rekruttering av menn til helse og omsorg
- Miljøløftet (Byvekstavtalen i Bergensområdet)
- Etablering av ungdommens politiråd. Spele på lag saman for å sikre gode og trygge oppvekstvilkår med god samhandling og kunnskap.
- Saumløst mottak av flyktninger med stor involvering og samarbeid på tvers av einingar, etatar og frivilligheita.
- Sal av tomter/bygg og infrastruktur kommunen ikkje treng slik at ein kan få auka inntektene.
- Vi har allereie seld: Greidalen, hotelltomta, enkelt tomter, og har fleire områder og bygg som er klare/klargjorde for sal som t.d Hegglandsdalen barneskule, Nore Neset barnehage.
Planarbeid/vedtekne planar:
- Samfunnsplanen (kommuneplanens samfunnsdel)
- KLEM-plan (Kommunedelplan for klima, energi og miljø)
- Plan mot vald i nære relasjonar
- Førebyggjng mot sjølvmord
- Veteranplan
- Beredskapsplan
- Smittevern og pandemiplan
- Atomberedskapsplan
Bjørnafjorden Arbeidarparti vil heile tida jobba aktivt og målretta for å fortsetja å bygga vår nye flotte kommune. Det er store økonomiske utfordringar vi må løyse, men også svært mange moglegheiter for utvikling og positiv endring.
Det tek tid å snu eit tankskip som har vore på feil kurs med stor lånegjeld. Når ein i tillegg har vore overstimulert med SIO midlar i så mange år, så tek det tid å finna eit framtidsretta, godt og trygt nok tenestenivå.
Vi snakkar om «tio etter SIO», Frp sitt nasjonale «draumeprosjekt» som Solbergregjeringa med resten av borgarleg side raskt skrota då Frp var ute av regjeringa.
Bjørnafjorden Arbeidarparti vil fortsette å snu tankskipet gjennom trygg styring, tillit og samarbeid.
Vi må fortsetja å gjera oss attraktive både for næringsliv, nye innbyggjare og ikkje minst sikra rekruttering til viktige arbeidsoppgåver.
Det meiner vi skjer best med entusiasme, positivitet, samarbeid, framsnakk og framtidstru!
Trine Lindborg
1. kandidat Arbeidarpartiet
Helge Steinum
2. kandidat Arbeidarpartiet