Meining | 06. juli 2023

Svar til Konservativt

DEBATT: Djuvik fekk svar i møtet.

Svar til Konservativt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. juli 2023 11:04

Svar til Konservativt ved 1. kandidat Rune Samnøy:

I innlegg på Midtsiden 4. juli ber Rune Samnøy via media om ei oppklaring frå ordførar om det er innanfor eller utanfor Valløftet 2023, å til dømes bli kalla ein mørkemann.

Om ein les valløftet, invitasjonen frå ordførar til signering av valløftet, og saksutgreiinga, vil ein sjå at det ikkje er innafor å bruka slike benevnelsar eller andre typar personlege karakteristikkar om politiske motstandare.

Ein skal tola meiningsbrytning og ein må tola argumentasjon som kan vere direkte. Det er difor vi har ulike politiske parti og ulike politiske retningar.

Men vi skal ikkje akseptera sjikane, truslar, usannheter eller spreiing av konspirasjon og «fake news».

Ein kan sjå sakene på kommune-TV eller lese saksutgreiinga og invitasjonen til alle parti som stiller liste, via kommunen si heimeside.

Det var viktig for meg som ordførar å sende invitasjon til alle partia, også dei som ikkje er i dagens kommunestyre.

Det er sjølvsagt heilt opp til kvart enkelt parti å avgjere om dei vil stille seg bak Valløftet. Dette var ein open invitasjon.

Samnøy referer til debatten i ei anna sak i sitt innlegg. Interpellasjon frå uavhengig Magne Djuvik.

I innlegget sitt skriv Rune Samnøy: «I samband med at Magne Djuvik la fram interpellasjon omkring innhald i lærebøker for skulane i Bjørnafjorden kommune, blei han kraftig kritisert og kalla med ukvemsord av andre politikarar og av ein kommunetilsett.»

Når det gjeld den kommunetilsette Samnøy refererer til, kjenner eg ikkje til det. Det er likevel viktig å minna på at tilsette i kommunen vår er frie menneske som har rett til å ytra seg.

Eg har avsluttingsvis behov for å klargjere at ordet «mørkemann» ikkje vart brukt i kommunestyresalen og at ingen av kommunestyrerepresentantane brukte ukvemsord i debatten.

Det var representanten Djuvik i sin eigen sluttreplikk som fortalte kva han hadde opplevd bl.a via sosiale media i forkant av kommunestyremøtet.

På direktespørsmålet frå uavhengig Djuvik svara eg opp med kva vi nettopp hadde vedteke i saka om Valløftet og kva eg difor meiner er greitt og ikkje.

Til slutt leste eg på ny diktet av Trygve Skaug, som eg hadde valgt ut med omhu - nettopp for å visa at vi alle skal respekterast for den vi er og det vi trur på.

Trine Lindborg
Ordførar (Ap)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.