Det strir ikkje mot menneskerettane å hevde at det er to kjønn
DEBATT: Eg vonar at Stortinget brukar sunn fornuft og avviser Ap sitt radikale og svært ukloke forslag.
Med undring har eg lytta til opptak av kommunestyret 15/6 si handsaming av interpellasjonen til representant Magne Djuvik (uavhengig).
Slik eg oppfatta det prøvde fleire av mine gode politiske kollegaer, heller enn å argumentere saklig mot interpellasjonen, å bygge narrativet at Djuvik sitt forslag både kunne være i strid med Menneskerettane og at det kunne fremje hat, terror og høgreradikalisme.
Det minner om stråmannsargumentasjon heller enn saklig politisk usemje.
I interpellasjonen skriv Djuvik mellom anna:
«Eg vil at kommunen tydeleg anerkjenna naturens to kjønn, og løfte fram skilnaden i dei ulike fasane i livet. Et mindretals subjektive oppleving av kjønnsidentitet skal ikkje sletta ut den allmenne orden og gjerast til norm for det store fleirtalet. Barna i skulen skal ikkje utsetjast for påverknad og ideologi som kan skade deira identitet.»
For meg er det Djuvik skriv sunn fornuft og noko som er heilt sjølvsagt for dei fleste av oss. Det er to biologiske kjønn, mann og kvinne. Djuvik ønskjer, til liks med underteikna, at det er dette ein skal lære borna i skulane våre.
Det at samfunnet lærer og står for at det er to kjønn, mann og kvinne, bryt ingen menneskerettar.
Dei fleste land i verda, inkludert vårt eige, lærer framleis, i samsvar med biologi og naturfag, at det er to kjønn, mann og kvinne. Og det gjer landa utan å bryte med den internasjonale fråsegna om Menneskerettane.
Støre-regjeringa kjempar i desse dagar for å få vedteke eit tredje kjønn, stikk i strid med biologien.
Kommunestyret avviste Djuvik sitt forslag om at undervisning i skulane våre skal være «bygd på fakta, vitskap og biologi, i spørsmål som handlar om kjønn».
Eg vonar at Stortinget brukar sunn fornuft og «fakta, vitskap og biologi, i spørsmål som handlar om kjønn» og avviser Arbeiderpartiet sitt radikale og svært ukloke forslag om, mot naturen, å innføre eit tredje kjønn.
Jakob Enerhaug
1. kandidat, Bjørnafjorden KrF