Meining | 23. juni 2023

Rett skal vere rett - JA er allereie JA!

DEBATT: Frp prøver å «etablere sanningar» som ikkje er korrekte.

Rett skal vere rett - JA er allereie JA!
Nora Flatseth Trippestad
Nora Flatseth Trippestadfredag 23. juni 2023 11:48

I desse dager dumper Frp si valbrosjyre ned i postkassane til bjørnafjordingane. Der kjem det påstander som:

«Mange opplever i dag å få nei på byggesøknadane sine og at planprosesser tek uendeleg lang tid. Dei skriv også at kommunen er blitt «vanskeleg».

Frp si fanesak er at dei vil «reetablera JA-kommunen» og leggja til rette for bustadbygging også i krinsane.

Når Frp no prøver å «etablere sanningar» som ikkje er korrekte og bygde på fakta - ja då ser vi dessverre ingen annen mulighet enn å komme med reine faktaopplysningar for å «knuse myter» som ikkje har rot i virkeligheten i Bjørnafjorden kommune!

Fakta for 2022:

Det blei fatta 413 vedtak og gitt 16 avslag.

Altså avslag på 3,9 prosent av vedtak i nye byggesaker i 2022.

I tillegg kjem omtrent 400 vedtak om ferdigattester, bruksløyve, igangsetting og liknande. Av desse er det gebyr på ferdigattester og bruksløyver. Kommunen gav avslag eller avviste 4 av desse. Altså ca.1 prosent.

Når det kjem til byggjing i krinsane er vel ingen ueinig i å tilretteleggja for det. Det er difor av stor betydning at vi ENDELEG har fått på plass ein kommunedelplan/arealplan (KDPA) for Bjørnafjorden vest etter mange år med null framdrift av denne i Os kommune.

Etter KDPA vart vedtatt meldast det om ein enorm auke i forespørsel på private reguleringsplanar, saksbehandlingstida er lav, gebyrsatsane lave, det er lett å koma i kontakt med saksbehandlar.

Om det skulle vere av interesse kan ein få meir detaljert kunnskap ved å sjå opptak frå siste møte i Plan,bygg og miljøutvalet 22.06.23 på Kommune-TV.

Der vil ein få meir informasjon kring uttalte bekymringer kring KDPA og byggesak i sak 108 Nytt frå administrasjonen og under sak 115 Politisk kvarter kor Gustav Bahus (Frp) får svar på sine spørsmål. Dette er link til kommune-TV.

Trine Lindborg og Helge Steinum

1. og 2. kandidat for Bjørnafjorden Arbeidarparti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.