Meining | 16. juni 2023

20-årsjubileum for barnehageforliket

DEBATT: Vi er lei av dei stadige angrepa mot ein sektor som står for den kanskje mest suksessfulle velferdsreforma dei siste 20 åra.

20-årsjubileum for barnehageforliket
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2023 12:47

I dag 16.juni er det 20-årsjubileum for det historiske barnehageforliket mellom FrP og SV i Stortinget.

Hovudaktørane bak forliket, Siv Jensen (FrP) og Øystein Djupedal (SV), la vekk dei ideologiske skylappane i forhandlingane. Det vart ein suksess!

Reforma sikra makspris og valfridom for foreldra, samt full barnehagedekning gjennom likebehandling av private og kommunale barnehagar. I 2003 sto om lag 23.000 barn på venteliste til barnehageplass, men allereie i 2006 hadde ein oppnådd full barnehagedekning.

Økonomisk likebehandling av private og kommunale barnehagar sette fart på utbygginga, og utan private barnehagegründerar hadde ikkje dette vore mogeleg.

I FrP er vi stolte over det vi fekk til gjennom barnehageforliket i 2003.

Suksessen fortel også at det er moglege å få til store veldferdsreformar når stat, kommune og private samarbeidar om utbygging av tenestetilbodet. Ein rapport frå analyseselskapet Menon syner at barnehagereforma også har gitt ein samfunnsøkonomisk nytte på heile 36 milliardar kroner.

I FrP er vi difor grundig lei dei stadige angrepa mot ein sektor som står for den kanskje mest suksessfulle velferdsreforma dei siste 20 åra.

Vi står bak dei private barnehagane, og er stolte over den innsatsen dei gjer for å gi titusenvis av norske barn eit godt, trygt og lærerikt miljø.

Det er valfridom, kvalitet og barnas beste som bør være i fokus – ikkje en ideologisk dragkamp om kven som eig og driv norske barnehagar.

Årets foreldreundersøking frå Utdanningsdirektoratet syner også at norske foreldre er svært nøgde med barnehagetilbodet i Norge. Dette viser at miksen av kommunale, ideelle og private aktørar fungerer svært godt.

Dessverre ser vi no at Støre-regjeringa har gått til ideologisk kamp mot dei private barnehagane.

Regjeringa har mellom anna kutta pensjonstilskota til private barnehagar, slik at opp mot 1000 private barnehagar ikkje lenger får kompensert dei tariff-festa pensjonsutgiftene dei har til sine tilsette.

Støre-regjeringa vil også at kommunane skal få rett til å bestemma over barnehageopptaket, kven som skal få starte opp barnehagar og kapasiteten til dei private barnehagane.

Dette vil svekkja valfridomen for familiane, og trua heile det økonomiske grunnlaget for dei private barnehagane. Dette skjer på tross av at heile åtte av ti vil at foreldra sjølv skal kunne velja kva barnehage dei ha borna sine i.

Krigen mot dei private barnehagane skaper utryggleik.

Vi ser no ein sterk nedgang i talet søkjarar til barnehagelærarutdanninga. Vi ser også at fleire private barnehagar må kasta inn handkledet og avvikla drifta.

Det sektoren treng er stabilitet og føreseielege rammevilkår, og ikkje ideologisk motiverte angrep på den private delen av sektoren.

Sosialistanes mot dei private barnehagane vil gje både mindre kvalitet, mindre konkurranse og vesentleg høgare kostnader for skattebetalarane. Det er på tide å leggja vekk den ideologiske kampen mot private aktørar. Det viktigaste er at barna våre er i ein trygg og god barnehage med kompetente tilsette, ikkje kven som eig og driv barnehagen.

Terje Søviknes
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.