Lokal | 02. feb. 2015

Ber om betre barnehagefinansiering

Os-ordførar Terje Søviknes og fylkeslaget til Frp ber regjeringa forsera arbeidet med ny finansieringsmodell for barnehagane.

Ber om betre barnehagefinansiering
Terje Søviknes og Os Frp fekk med seg fylkeslaget då dei ba regjeringa forsera arbeidet med finansieringsmodellen for barnehagesektoren (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 02. feb. 2015 09:40

På Hordaland Frp sitt årsmøtet i helga fremja Os-ordførar Terje Søviknes eit framlegg til resolusjon, som fekk full støtte, kor ein ber Frp/H-regjeringa om å forsera arbeidet med ny finansieringsmodell for barnehagesektoren:

«Etter at den raudgrøne-regjeringa la om barnehagefinansieringa frå statleg stykkpris til innlemming i rammetilskotet har kommunesektoren slitt med finansieringa av barnehagesektoren. Nok ein gong ser vi ein reform som ikkje er fullfinansiert frå staten si side.

Medan private og kommunale barnehagar tidligare fekk direkte statleg tilskot pr barnehageplass, er dette no ein del av rammefinansieringa av kommunane. Kommune etter kommune opplever at overføringa ikkje strekk til i høve dei reelle kostnadane med barnehagedrifta. Dette går igjen ut over kvaliteten i barnehagetilbodet og andre kommunale tenester som skule, helse og eldreomsorg.

Ei spesiell utfordring er 0-åringane som ikkje har rett på barnehageplass etter lova, men likevel får plass i private barnehagar dersom dei har ledig kapasitet. Trass i at 0-åringane ikkje har juridisk rett til barnehageplass er kommunane er pliktig å dekkje kostnadane for desse barna. Kostnadane vert imidlertid ikkje kompensert gjennom inntektssystemet til kommunane. Der er det berre 1-5 åringane som tel med.

Det er positivt at foreldre kan ha valfridom til å nytta barnehage også for dei aller minste barna, men da må kommunane få kostnadane med denne tenesta kompensert i inntektssystemet.

FrP/H-regjeringa varsla i juni 2014 at dei vil ha ein ny gjennomgang av barnehagefinansieringa.

Hordaland FrP ber om at Regjeringa forserer arbeidet med ny finansieringsmodell for barnehagesektoren, og ber om at ein særskilt tar omsyn til ekstrakostnadane som kommunane har med 0-åringar som får plass i private barnehagar.

Os FrP
v/Terje Søviknes»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.