Lokal | 08. mars 2011

Krev barnehage-evaluering

Solstrandsmøtet til Frp: Frp-ordførarane vedtok resolusjon og krev snarleg evaluering av ny finansieringsmodell.

Krev barnehage-evaluering
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. mars 2011 09:49

I helga hadde Frp sin årlege riksdekkande strategikonferanse på Solstrand Hotel og Bad.

Eit forslag frå ordførar i Os, Terje Søviknes, enda med vedtak av ein resolusjon som seier at Frp krev at barnehagereformen blir evaluert allereie i revidert nasjonalbudsjett no i vår og at resultatet blir likestilling av private og kommunale barnehagar.

- Tilsvarande runde som den vi har hat i Os no i vinter er det fleire andre kommunar som har vore gjennom. Anten dei har valt å følgja den statlege satsen eller har rekna ut tilskot ut frå eiga drift så er resultatet det same, pengane strekk ikkje til.

- I forsøk på å jamna ut forskjellane, som dei private barnehagane naturlegvis reagerer på, går det ut over andre kommunale tenester, seier Søviknes.

Ordførarane frå Frp krev derfor no at regjeringa og KS snarast evaluerer den nye finansieringsmodellen.

- Å gje 88 prosent til private barnehagar i forhold til kommunale er grov forskjellsbehandling. Allereie i revidert nasjonalbudsjett bør underfinansieringa blir retta opp, meiner Os-ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.