Meining | 10. jan. 2022
Delta i debatten: Her kan du senda synspunkta dine
Du som innbyggar og lesar kan informera og engasjera.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. jan. 2022 08:01
Som lokalavis ønskjer vi å stimulera til debatt og meiningsutveksling.
Du som innbyggar kan også informera og engasjera, både i sosiale media og her hos oss.
Det kan vera til nytte for både oss i redaksjonen, andre lesarar og politikarane som skal fatta viktige avgjerder.
Har du noko på hjartet, ros, kommentar eller kritikk til aktuelle problemstillingar eller tema, send det til oss.
- Du kan senda innlegget til tips@midtsiden.no eller direkte til redaktør på kjetil@midtsiden.no.
- Legg ved det bildet du ønskjer at vi skal bruka saman med innlegget, eller be oss bruka eit bilde vi har i arkivet.
- Det er best om du IKKJE limer bildet inn i for eksempel word- eller pdf-fil, men send separat og i breiddeformar (ikkje ståande utsnitt)
- Du kan ha fleire bilde i same innlegg. Skriv i så fall kvar du vil vi skal plassera bilda.
- Har du spørsmål, ring Kjetil Bruarøy på 90789270
- Om du ikkje har tilgang til epost der du sit no, kan du senda oss innlegget ditt, og lasta opp bilde, via dette skjemaet