Meining | 04. juli 2023

Ber om oppklaring før vi signerer Valgløftet 2023

DEBATT: Er det innafor å bli kalla «mørkemann», ordførar?

Ber om oppklaring før vi signerer Valgløftet 2023
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. juli 2023 07:30

I kommunestyremøtet 15. juni 2023 blei det framlagt og gjort einstemmig vedtak om å fylja «Valgløftet 2023».

Valgløftet 2023 er ført i pennen av Kommunesektorens organisasjon (KS), og handlar om at den politiske debatten skal føregå på sømeleg vis. Ordførar Trine Lindborg la fram og orienterte om saka.

Det handlar rett og slett om å ha god folkeskikk når ein debatterar, har innlegg i media eller på sosiale media. Du kan lesa heile Valgløftet under.

Om du ynskjer å sjå video frå behandlinga, her er lenskje til kommune-TV for Valgløftet 2023 og interpellasjonen.

Men saka var ikkje ferdig med det.

I samband med at Magne Djuvik la fram interpellasjon omkring innhald i lærebøker for skulane i Bjørnafjorden kommune, blei han kraftig kritisert og kalla med ukvemsord av andre politikarar og av ein kommunetilsett.

På direkte spørsmål til ordførar og kommunedirektør frå Magne Djuvik om det er innanfor eller utanfor Valgløftet 2023 å bli kalla til dømes mørkemann, fekk han ikkje svar verken av ordførar eller kommunedirektør.

Konservativt Bjørnafjorden ynskjer ei oppklaring av ordførar på desse forhold før me eventuelt underteiknar valgløftet 2023.

Rune Samnøy
1. kandidat, Konservativt Bjørnafjorden.

VALGLØFTET 2023

I 2023 er det val til kommunestyre og fylkesting. Landets ordførarar og folkevalde ser kvar dag kva lokaldemokratiet betyr for innbyggjarane i Noreg. Det sørgjer for berekraftig velferd, forsterkar inkluderinga i arbeids- og samfunnsliv, fremjar ei samfunnsutvikling for ei grøn framtid og gjev innbyggjarane moglegheit til å påverka i saker som angår dei. Dette må vi verna om.

Ei høg demokratisk deltaking er eit kjenneteikn på eit godt demokrati. Vi vil at alle som har noko å seia, skal kunna bli høyrde i framtida. Barn og unge må inspirerast til sjølv å villa påverka og bidra. Demokratiet skal vera for alle. Høg valdeltaking er viktig for å utvikla lokaldemokratiet vidare til beste for innbyggjarane.

Internett og sosiale medium gjev moglegheiter for deltaking i demokratiet. Men det forsterkar også moglegheita for å spreia usann informasjon på ein helt annan måte enn tidlegare.

Det kan gje grobotn for hets og truslar mot lokale folkevalde og kan ramma demokratiet ved at enkelte trekk seg frå debatten eller avstår frå å stilla til val. Forsøk på å aktivt spreia desinformasjon kan endra folk si oppfatning av røynda, auka konfliktnivået, eller svekkja tilliten mellom innbyggjarane og til oss folkevalde.

Slik verksemd kan vera krevjande å oppdaga. Det er derfor viktig med høg bevisstheit og beredskap for å møta desse utfordringane.

Vi seier nei til:
Hets, mobbing, trakassering, skjellsord ogpersonangrep. Spreiing av usann informasjon.

Vi seier ja til:
Saklege og sannferdige debattar med god meningsbryting og argumentasjon.

Vi forventar:
At nasjonale politikararsjølver rollemodellar i diskusjonar og debattar.

Vi vil bidra med:
Alt vi har av kunnskap og krefter for å byggja lokaldemokratiet vidare. Opplysande og ansvarsfulle diskusjonar og debattar.

I valgkampen ønskjer vi at:
Vi behandlar kvarandremed respekt, også når vi er ueinige.
Vi alle jobbar aktivt for at alle stemmar kan bli høyrde.
Vi viser kvarandregjensidig tillit.
Vi jobbar for at flest moglegvil brukastemmeretten.
Vi viser barn og unge kvifor lokaldemokratiet er verdt åkjempafor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.