Fjordvaktaren
Brumotstandarane har tapt nokre slag den siste tida, men Venstre-leiar Glenn Erik Haugland held fram kampen om å verna Bjørnafjorden og skjergarden i Os.
Måndag 1. april spøkte vi i Midtsiden med brumotstandarane og bløffa om at vegvesenet var i Øyane og gjorde målingar i det området mange fryktar kan bli landingspunkt for ei eventuell bru over Bjørnafjorden.
– Slik de hadde konstruert min reaksjon var ganske realistisk. Det er ei stor og alvorleg sak, men vi må kunna spøka litt kjekt òg, seier Glenn Erik Haugland, som trass i at han fekk ei hovudrolle i spøken, ikkje visste om den på førehand.
Spøk kan bli alvor
I 2011 spøkte vi om overgang frå pc med touchscreen til iPad i Os kommune, og tilhøyrande billigsal av pc-ar på rådhuset.
Spøken førte til 17 reine bestillingar på pc-ane, som likevel ikkje var for sal. Men overgangen til iPad blei seinare ein realitet.
Dessverre for Haugland og andre brumotstandarar kan også årets aprilspøk frå Midtsiden bli ein realitet. Ikkje at vegvesenet går ut og tar hemmelege målingar 2. påskedag, men at ny E39 kjem over Bjørnafjorden frå Reksteren til Os og set varige spor i ein skjergard mange er glade i.
– Eg håper vi klarar å visa kor viktig dette området er, signalisera at her blir det støy og motstand, og gjera dette så tydeleg at at indre trasé blir valt.
– Eventuelt at midtre trasé blir bygd i senketunnel og at heile vegen i Os går i tunnel. Men det siste tviler eg på. Eg trur dei for lengst har sikta seg inn på Halhjemsvegen og ser for seg å utvida denne til firefelts motorveg, seier Glenn Erik, som sjølv bur på Haugland, fire meter frå Halhjemsvegen.
– Har oppnådd mykje
Brumotstandarane måtte 5. februar sjå Os kommunestyre vedta ein uttale som, rett nok hadde punkt som kan skåna delar av skjergarden, men som ikkje viste motstand mot midtre trasé.
Haugland, som er leiar for Os Venstre, fekk veka etter oppleva at Hordaland Venstre gjekk for midtre trasé.
Seinare har det kome både vedtak i fylkesutvalet og fleire signal som styrkar fjordkryssing som alternativ.
– Vi har tapt nokre slag, men vi har ikkje tapt krigen. Eg synest faktisk at vi og Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, som eg er svært imponert over, har oppnådd mykje på det knappe året som har gått.
Det var 7. juli i fjor at Haugland skreiv lesarinnlegget Bjørnetjenesten, som kanskje var det første tydelege teiknet på motstand mot midtre trasé.
Så kom folkeaksjonen, folkemøtet i Øyane, innlegg under ekstra kommunestyremøte i Oseana og båttur med Handegard frå samferdsledepartementet.
Skjergarden er ikkje einaste argument
Haugland er klar over at han har ei stor tue å velta. Eit viktig vegprosjekt og motstandarar med makt.
Men han trur ikkje tua kan veltast med berre argument om ein fin skjergard og ein fin fjord.
– Dette vegprosjektet er, på kort sikt, det mest lønsame i Noreg. Og dei som tener mest på prosjektet, bedrifter i olje- og gassnæringa, har mykje makt. Det kan vera lett å kasta seg på rygg og sjå seg slått, men det gjeld å prøva å få folk til å forstå.
– Kortaste veg mellom Stavanger og Trondheim går ikkje via Os, den går via Fusa og indre trasé. At store delar av dagens trafikk går frå Stord til Bergen meiner eg ikkje er så viktig, det er ikkje rett å bygga veg berre etter dagens marknad.
– Marknaden er fleksibel medan eit vegprosjekt som dette skal forma ei lengre framtid.
Venstre-leiaren seier han har tru på endringar, spesielt i energibransjen, og at dei kan koma raskt.
– I Tyskland – det europeiske energiskiftet sitt lokomotiv – var 10 prosent av elektrisitetsforbruket i 2005 dekka av fornybar energi. Ved utgangen av 2012 var talet 23 prosent. Merkel sitt mål er minst 35 prosent fornybar energi innan 2020 og minst 80 prosent innan 2050.
– Kva då, når olje- og gassnæringa er svekka? Treng vi denne snarvegen mellom Stord og Kokstad, som faktisk blir både ein omveg og ein flaskehals gjennom Bergen for den viktige vegen mellom Stavanger og Trondheim?
Kamp og valkamp
Det kan skje mykje i E39-saka allereie dei neste vekene. Nasjonal Transportplan er venta å bli lagt fram 11. april.
– Eg har ein del dialog med venstrepolitikarar sentralt, og dei har heldigvis ikkje heilt likt syn som Hordaland Venstre.
– Eg trur dessutan at traséval kan bli ei miljøsak og eit heitt tema ved eventuell etablering av borgarleg regjering etter valet til hausten, der Venstre kanskje kjem i posisjon saman med andre borgarlege.
– Uansett så er eg kampklar, og det veit eg om mange andre som også er, seier komponisten og venstrepolitikaren Glenn Erik Haugland.