Fekk «selt» 17 av 28
Mange beit på Midtsiden sin aprilspøk i dag. Men ei anna avis i Os har gjort endå meir ut av 1. april.
Fredag morgon kunne du lesa om overgang frå pc til iPad i rådhuset, noko som førte til at 28 pc-ar skulle seljast til svært låg pris. Artikkelen var ei aprilspøk, ein spøk dei i kundetorget ikkje visste om før 1. april.
- Eg blei tipsa om saka av nokon eg kjenner så eg leste spøken før dei første «bestillingane» kom inn, fortel Aina Haugland i kundetorget.
Til saman kom det inn 15 bestillingar på epost. Haugland og kollegaene hennar lagde etterkvart ein standardtekst som dei limte inn som svar til dei som ville bestilla billig pc.
- I tillegg har vi hatt éin som har ringt og éin som har kome innom, så vi kunne hatt godt sal i dag, seier Aina, som legg til at alle tok spøken med eit smil.
32 sider med tull
Os & Fusaposten kom i dag med ei spesialutgåve, «Os & Fusapost», i nytt iPad-format - på papir.
- Vi fann ut at neste gong 1. april landar på ein dag vi har avis (onsdag eller laurdag) er i 2015. Så då blei det ekstrautgåve, fortel redaktør Christian Fr. Stabell.
Heile avisa er full av aprilspøkar, frå glideflyplass på Ulven og oppdrettsanlegg innanfor moloen til Os Sjøfront til annonsar for sofa til leige og gratulasjonaannonsar for dyr.
- Er alt i dagens utgåve bløff?
- Nei, prisen og datoen er rett, seier Stabell, som har trykt opp utgåva til både laussal og distribusjon til abonnentar.
I Bergens Tidende kan vi i dag lesa om hjelmplikt i barnehagar, i Bergensavisen fortel dei om korleis du kan selja skiten din som biodrivstoff.