Fleirtal for fjordkryssing
Fylkesutvalet gjorde i dag vedtak i traséval for E39 Stord-Bergen.
Fylkesutvalet i Hordaland vedtok i dag å gå inn for alternativ 4c, bru frå Reksteren til Os, for komande E39 Aksdal (Stord) - Bergen.
– Framlegget blei støtta av Frp, Høgre og Venstre, og fekk fleirtal, fortel Os-ordførar Terje Søviknes (Frp).
AP, Sp og KrF fremja forslag om nye utreiingar og kvalitetssikring av begge trasear.
Her er vedtaket:
1. Fylkesutvalet vektlegg kortast mogleg reisetid mellom Stord og Bergen, fleire samanhengande bu og arbeidsregionar mellom Stavanger og Bergen og rask prosjektrealisering. Fylkesutvalet går difor inn for alternativ 4c midtre linje, med kryssing over Bjørnafjorden, som ny trase for E39 mellom Stord og Bergen.
2. Landbruk-, kultur, natur- og friluftsinteresser, samt landskap og estetiske verdiar må vektleggjast ved linjeval, ilandføring og utforming av veglegemet/bruer. Viaduktar og miljøtunellar må nyttast der dette skjermar nærmiljøet. Fylkesutvalet føreset at ein i det vidare planleggings- og prosjekteringsarbeidet av ilandføring på begge sider av Bjørnafjorden tek særskilt omsyn til dei verdfulle frilufts- og naturverdiane i området.
3. Fylkesutvalet føreset at eit klima og karbonrekneskap vert lagt til grunn for det vidare arbeidet
4. Fylkesutvalet vil poengtere at valgte løysing ikkje må innebere mellombelse løysingar som inneber ferje. I tillegg må løysinga gi grunnlag for framtidige, gode tverrsamband mot Fusa og Austevoll.
5. Det hastar med å koma i gang med prosjekteringa og bygginga av ferjefri E39 mellom Bergen og Stord. Hordaland fylkeskommune har i «Regional planstrategi 2012- 2016» foreslått å utarbeida ein regional plan for ferjefri E39 Aksdal Bergen, for å sikra framdrift i det vidare planarbeidet, samt ivareta behovet for koordinering på tvers av
kommunegrensene. Fylkesutvalet ser det som svært viktig at Hordaland fylkeskommune vert tatt med i den vidare prosjektutviklinga.
6. Fylkesutvalet ser positivt på at ei fjordkryssing kan bidra til teknologi-innovasjon. Løysingar for mogleg framtidig jernbane bør vurderast, men det må vere ein føresetnad at dette ikkje forsinkar eller fordyrar prosjektet vesentleg.