Lokal | 11. feb. 2013

– Eit naivt og farleg vedtak

Fergefri E39: Hordaland Venstre går for midtre trasé. - Det følast som å bli dolka i ryggen av sine eigne, seier nyvald leiar i Os Venstre Glenn Erik Haugland.

– Eit naivt og farleg vedtak
Glenn Erik Haugland speidar utover Bjørnafjorden. - Ein firefelts motorveg over fjorden vil aldri bli bra for miljøet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 11. feb. 2013 10:50

På fylkesårsmøtet til Hordaland Venstre i helga gjekk partiet, som Frp gjorde for for ei veke sidan, inn for å bygge E39 med midtre trasé.

- Vi skal klara å ta vare på miljøet og bygga den grønaste stamveg i Europa, seier Alf Helge Greaker, nestleiar i samferdselsutvalget i Hordaland fylkesting.

Hordaland venstre etterlyser eit klimarekneskap for alternativa for den mest miljøvenlege traseen og meiner valet om midtre trasé ikkje utelukkar å bygge togline mellom Bergen og Stavanger.

- Ein fire felts motorveg over Bjørnefjorden vil aldri bli ein bra sak for miljøet, fnys Glenn Erik Haugland, nyvald leiar i lokallaget på Os.

Bestemt på førehand?

Haugland hadde ikkje sjølv anledning til å delta på fylkesårsmøtet, men fortel at Os venstre var godt representert med fem representantar.

- Slik eg har fått referert debatten var det urovekkande sterke krefter i sving for brua.

- Argumentasjonen for ei bru var både tynne og få. Det verka mest som om fleirtalet hadde bestemt seg på førehand.

- Vedtaket er naivt og farleg kor ein har lagt seg på rygg for dei som kjempar for bru over Bjørnafjorden!

Heng ikkje på greip

At fylkespartiet vil ha tog mellom Bergen og Stavanger og at dette blir teke med som eit argument for bru over Bjørnafjorden finn Haugland merkeleg.

- Ei togline må jo gå gjennom det nye dobbeltløpet gjennom Ulrikstunnellen til Indre Arna.

- Det heng jo ikkje på greip å då skulle føre toglina tilbake til Os og over Bjørnefjorden. Det einaste logiske og fornuftige er å la denne følgje indre trasé, argumenterar Haugland.

Kva no?

Os Venstre er ein av initiativtakarane til motstand mot bru over Bjørnafjorden, mellom anna gjennom folkemøtet dei arrangerte i Øyane i oktober i fjor.

- Vedtaket på fylkesårsmøtet er eit slag i ansiktet på lokalpartiet som var med å starta motstanden mot brua.

- Kva konsekvensar det får har vi ikkje drøfta internt i lokallaget enno.

- Vi hadde forslag om at fylkesårsmøtet skulle vedta ein resolusjon, men vi nådde ikkje fram, slår ein kamplysten Glenn Erik Haugland fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.