Hordaland Frp har bestemt seg
– Kyststamvegen blir ei av våre viktigaste saker å jobba med i 2013-2017, seier Helge André Njåstad, og sender Hordaland Frp sitt ferske standpunkt til val av trasé.
Hordaland Frp har søndag, som første parti i Hordaland, gjennom årsmøtevedtak no avklart sitt standpunkt til midtre trasé for kyststamvegen, skriv Helge André Njåstad i ei pressemelding.
Austevoll-ordføraren er 2. kandidat til stortinget 2013 for Frp.
- Vårt mål er å realisera den midtre traseen med gode tilkoplingar både mot indre og ytre delar av fylket, som delar av hovudprosjektet.
– Frp går også inn for at Kyststamvegen skal finansierast med oljepengar og ikkje bompengar.
Under følgjer resolusjonen:
Ferjefri E39 Kyststamveg
Statens vegvesen (SVV) har på overordna nivå sett i gong utgreiingsarbeid for å gjera Kyststamvegen E39 Kristiansand-Trondheim ferjefri. Ei rekkje konseptvalutgreiingar, KVU-ar, inngår i arbeidet. I tillegg er det organisert eit eige Prosjekt Ferjefri E39 for å greie ut teknologiske løysingar, kostnader og samfunnsnytte ved å binde saman Vestlandet nord-sør med ein ferjefri europaveg.
KVU E39 Aksdal-Bergen tek føre seg kryssinga av Bjørnafjorden, og Statens Vegvesen anbefalte i 2011 å gå vidare med utgreiing av;
• Konsept 4 – midtre linje via Tysnes/Rekstern og flytebru til Os
• Konsept 5B – indre linje via Fusa
I ettertid har Dovre/TØI kvalitetssikra arbeidet gjennom KS1 E39 Aksdal-Bergen, og i desember la SVV Region Vest fram Tilleggsutgreiing til KVU E39 Aksdal-Bergen. Begge dokument konkluderer med val av Konsept 4 – midtre linje.
Ferjefri E39 er eit nasjonalt prosjekt med mål om å korte ned reisetida og binda saman arbeids- bustad- og serviceregionane nord-sør langs Vestlandet. Samla er det skissert investeringar i storleik 100 mrd kr for å binde saman denne landsdelen. Grunna verdiskapinga på Vestlandet er det høg netto samfunnsnytte i prosjektet.
I tilleggsutgreiinga frå SVV vert midtre og indre konsept for kryssing av Bjørnafjorden no sidestilt med omsyn til kostnad (ca 19 mrd kr), byggjetid (10-12 år) og teknologisk gjennomføringsevne. Midtre konsept med flytebru over Bjørnafjorden gjev imidlertid 17 min kortare reisetid, og dermed absolutt best netto samfunnsnytte og stor positiv effekt for arbeidsmarknadsregionen Bergen – Haugesund.
I samband med det vidare arbeidet med E39 Aksdal-Bergen legg difor Fylkesårsmøtet i Hordaland Fremskrittsparti følgjande til grunn;
1.Prosjektet er i første rekkje eit nord-sør samband, med hovudmål å korte ned reisetida og binde saman arbeids-, bustad- og serviceregionar langs denne aksen.
2.Konsept 4 – midtre linje m/flytebru vert vald for kryssing av Bjørnafjorden med ilandføring i Bjørnatrynet.
3.E39 vidare nordover må førast utanom Bergen sentrum t.d. gjennom ein Ringveg Øst
4.Det bør byggjast nye tverrforbindelsar til Austevoll og Fusa som ein del av hovudprosjektet.
5.Nytt ferjesamband mot Kvinnherad og nødvendig opprustning av vegen over Tysnes må også være en del av hovudprosjektet.