Ekstremvêr: Intakt natur er vårt viktigaste vern
DEBATT: Bjørnafjorden må planlegge for meir ekstremver når vi no utviklar kommunen vidare med ny arealplan.
Sommaren og dei siste dagane viser oss at både tørke og nedbør kjem i ekstreme variantar. Det er i tråd med klimaprognosane at vi vil oppleve endå meir av dette i framtida.
At nokre område opplever både to og tre 50-årsflaumar på få år er eit tydeleg varsko. Men det er diverre ei varsla beredskapskrise som fleire regjeringer ikkje har tatt seriøst nok.
Dei siste tiåret har talet på naturskadehendingar auka med 169 % ifølge If og Cicero, og Vestlandet blir mest råka.
Bjørnafjorden kommune har ein klima- energi- og miljøplan med gode visjonar, men den må følgast opp med tiltak.
Vi må mellom anna sikre gode vassvegar og ikkje lage for store flatar med asfalt og bygg, vi må opne elvane våre som også er bra for naturmangfaldet, vi må verne meir myr som er naturens eigen dreneringskum og karbonlager.
Miljøpartiet Dei Grøne har sidan vi fekk plass i Os kommunestyre for første gong i 2015 sett fokus på dette. Vi har foreslått ei lang rekkje tiltak og fått gjennomslag her og der.
Men naturkrisa er reell, klimakrisa er reell, og dei treng begge langt fleire tiltak enn det vi har fått gehør for så langt.
På Stortinget foreslår MDG no å setje av ein milliard ekstra til NVE til flaum- og skredsikring.
Bjørnafjorden må planlegge for meir ekstremver når vi no utviklar kommunen vidare med ny arealplan.
Intakt natur er rett og slett vårt viktigaste vern. Klima, miljø og gode liv heng saman.
For alle, for alltid!
Nils-Anders Nøttseter
Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden