Containeren som kan bli eit kinderegg
DEBATT: Det er sjølvsagt ulike grunnar til at folk vel alternative buformer, men svært ofte handlar det om økonomi.
Fleire og fleire ser no på alternative buformer. Mini- og mikrohus, containerhus og hus på pålar er blant desse alternativa. Det er sjølvsagt ulike grunnar til at folk vel alternative buformer, men svært ofte handlar det om økonomi.
Det kan for mange vera utfordrande å koma seg inn på bustadmarknaden, og det er også ei kjensgjerning at det vert fleire og fleire som bur åleine i større delar av livet.
Den 27. juni kunne vi i Bergens Tidende lesa ein flott og interessant artikkel om ei kvinne i Stad kommune som hadde valt containerhus, kanskje som den første i landet.
Bjørnafjorden Arbeidarparti er svært positive til ulike nye buformer og at ein tenkjer nytt og alternativt kring tilretteleggjing for dette.
Det må naturleg nok skje i samarbeid med kommunen og i samsvar med lovverket, men vi forventar at planavdelinga i kommunen følgjer med på utviklinga og held seg oppdatert på kunnskap om nye buformer og løysingar.
Det skjer mykje spennande på dette feltet, og vi må vera både opne for og nysgjerrige på nye måtar å gjera noko på. Samstundes må vi sikra ordinær og variert bustadbyggjing, slik at fleire kan koma inn på bustadmarknaden.
Bjørnafjorden Arbeidarparti vil aktivt jobba for at vi får på plass «leige til eige»-alternativ, og gjennom den bustadsosiale handlingplanen få betre kunnskap om kva ulike bustadbehov Bjørnafjorden kommune vil møta framover.
Slik det går fram av artikkelen i Bergens Tidende er det fleire grunnar til at folk vel alternative buformer. Ulike økonomiske årsaker har vi alt nemnt.
Andre ønskjer å ha eit lågare klimaavtrykk, medan atter andre berre vil eiga mindre og med det ha færre ting å bekymra seg for. På denne måten vert dei nye alternative buformene noko som kan ha fleire positive konsekvensar på ein gong.
Kan dette vera starten på eventyret om containeren som vart eit kinderegg?
Synnøve Lygren Gangsøy
AUF, 21. kandidat til kommunestyret
Atle Kvåle
41. kandidat til kommunestyret
Bjørnafjorden Arbeidarparti.