Meining | 13. juli 2023

Høgre jobbar for eit sterkt kulturliv og ei levande frivilligheit

DEBATT: Vi er opptekne av at ambisjonane vert styrka.

Høgre jobbar for eit sterkt kulturliv og ei levande frivilligheit
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juli 2023 16:02

Etter fire år som utvalsmedlemmer for Høgre i hovudutval for kultur, idrett og inkludering, vil vi her presentere dei ambisjonane Vestland Høgre har for kultur, idrett og frivilligheit for dei neste fire åra på fylkestinget.

Gjennom denne perioden har vi handsama fleire viktige saker for innbyggjarane i Vestland.

For det første har vi vedteke ein frivilligheitsstrategi for å styrke organisasjonslivet og frivilligheita samt sett mål for korleis vi kan inkludere fleire.

Vidare vedtok vi denne våren ein ny regional kulturplan som skal gjelde heilt fram til 2035. Denne planen anbefaler vi alle som er opptekne av kultur- og idrettsarbeid å setje seg inn i. Planen er lite verdt dersom sentrale aktørar og innbyggjarane ikkje kjenner til kva mål vi har for kulturlivet.

I tillegg forvaltar vi rundt 50 ulike tilskotsordningar som mellom anna frivilligheita, kulturaktørar og idrettsorganisasjonar kan søke på. Det kan vere tilskot til større prosjekt, arrangement eller satsingar. På fylkeskommunen sine nettsider ligg det god informasjon om alle desse.

Eit konkret tiltak som vi har støtta heilhjarta opp om er lanseringa av dagsturhytteprosjektet, som har vore eit strålande initiativ for friluftsliv og turglede i alle kommunane våre.

Elles vil vi løfte at studentkulturen no har fått ein plass i fylkeskommunen sine planar og er no anerkjent på lik linje med andre kulturtilbod. Dette er eit gjennomslag Høgre er stolte over.

Vi er ikkje i mål før alle har moglegheit til å delta på aktivitetar som vert arrangert i lokalsamfunna og regionalt. Difor har det vore ei viktig politisk satsing for Høgre å føreslå tiltak som aukar inkluderinga i budsjettprosessane.

Det er framleis utfordringar å ta tak i.

June-Vibecke Knudtsen Indrevik. (Foto: Privat)

Det trengst ei stor satsing på regionale kulturbygg og idrettsanlegg samt dei store nasjonale og regionale kulturinstitusjonane i Bergen.

Biblioteka må verte meir tilgjengeleg og digitaliseringsarbeidet må halde fram.

Folkehelsearbeidet må styrkast og særleg rundt problematikk knytt til sjølvmord, psykisk helse og universell utforming. Vi har ingen å miste og fylkeskommunen sin innsats knytt til psykisk helse i sitt tenestetilbod er viktig for alle i fylket vårt.

Vi er opptekne av at ambisjonane for kulturliv og frivilligheit vert styrka i den neste fylkestingsperioden.

Kulturlivet og frivilligheita treng ein fylkeskommune som spelar på lag og bidreg til å byggje organisasjonslivet nedanfrå og opp.

Det viktigaste vi kan gjere no er å halde fram med inkluderingsarbeidet og jobbe for eit godt mangfald i tilbodet. Høgre vil satse sterkt på eit breitt kulturliv og ei levande frivilligheit dei neste fire åra.

June-Vibecke Knudtsen Indrevik
Lise-May Sæle

Høgre sine fylkestingsrepresentantar i hovudtval for kultur, idrett og inkludering

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.