Olje- og gassnæringa viktig i Bjørnafjorden kommune
DEBATT: Ringverknadane i vår kommune er 190 millionar kroner i året.
Debatten om norsk olje- og gassnæring er til tider høglytt. Parti på venstresida, som Rødt, SV og MDG, vil setja sluttdato for næringa og stoppa leiteaktiviteten på norsk sokkel.
Andre parti vil avgrensa aktiviteten, medan Fremskrittspartiet har argumentert for at Norge, som eit stabilt og demokratisk land, bør halda fram med å produsera så lenge det er etterspurnad etter olje og gass.
Det geopolitiske argumentet har fått ny aktualitet etter Russlands angrepskrig mot Ukraina. Her har vi fått demonstrert korleis tilgang på energi kan nyttast som eit pressmiddel i krig og konflikt. Ei verd der verstinglanda, som Russland og udemokratiske land i Midtøsten, har full kontroll på energitilførselen blir ei utrygg verd.
Ja, men no skal vi jo bare satse på fornybar energi, tenkjer kanskje du?
Vel, fornybar energi utgjer no berre ca 23 prosent av verdas energiforbruk (Global Carbon Project, 2021). Olje, gass og kol utgjer 77 prosent.
Og det samla energiforbruket går opp.
Produksjonen av fornybar energi aukar, men ikkje raskt nok til å ta over for fossil energi på mange tiår.
Det internasjonale energibyrået (IEA) har i sitt vegkart mot netto nullutslepp (Net Zero by 2050) også synleggjort at det mogeleg å nå klimamåla, sjølv med vesentleg bruk av olje og gass i 2050. Olje og gass er til dømes viktig også i petrokjemisk industri.
Den olja og den gassen bør Norge vera med på å produsera.
Det handlar om energitryggleik i Europa, arbeidsplassar, kompetanse, verdiskaping og velferd for Norge. Inga anna lovleg næring er i nærleiken av innteninga i petroleumsnæringa.
Ringverknadane av olje- og gassnæringa er difor formidable i heile landet.
Vi tenkjer gjerne ikkje på Bjørnafjorden som ein typisk oljekommune, men også her betyr petroleumsnæringa mykje.
Offshore Norge har lagt ut data basert på Menon Economics si ringverknadsanalyse frå 2021.
Her kjem det fram at ringverknadane for Bjørnafjorden kommune er vel 190 millionar kroner, og at cirka 1.400 årsverk er knytt til næringa. Av desse er 214 direkte tilsett i olje- og gasselskap medan 370 er tilsett i leverandørindustrien.
Bjørnafjorden kommune bør derfor vera opptatt av rammevilkåra til olje- og gassnæringa.
Vi bør vera positive til utlysing av nye leiteblokker og heia på alle dei som jobbar i næringa.
Det gjer Fremskrittspartiet. Vi er stolte av oljearbeidarane og alle som er knytt til næringa!
Terje Søviknes
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden FrP
Tidlegare olje- og energiminister