272 fleire jobbar i Bjørnafjorden siste år!
DEBATT: 9,4 prosent auke i privat næringsliv i Bjørnafjorden frå 2019 til 2022.
Det siste året har det kome 100.000 fleire i jobb i Noreg. I Bjørnafjorden kommune har det blitt skapt 272 fleire jobbar frå 1. kvartal 2022 til 1. kvartal 2023.
Arbeidarpartiet er glade for kvar einskild som no får bidra til samfunnet og delta i eit arbeidsfellesskap. Men jobben er ikkje slutt med det. No startar arbeidet for å hjelpa dei neste 100.000.
Vi i Arbeidarpartiet har alltid sagt at arbeid til alle er jobb nummer ein. Det gjer vi fordi arbeid er så mykje meir enn berre inntekt. Arbeid gir tryggleik, fridom, fellesskap og tillit til kvarandre. Difor er det å inkludera fleire i arbeidslivet ei prioritering for Arbeidarpartiet, både nasjonalt, i Vestland og her i Bjørnafjorden.
Nasjonalt har Arbeidarpartiet innført fleire tiltak for å hjelpa dei neste hundre tusen i jobb. Vi har innført ungdomsgaranti, som sikrar at unge ikkje fell utanfor utdanning og arbeidsliv.
Med 175 millionar kroner sikrar vi ungdomsrettleiara, også til NAV i Bjørnafjorden. Dei skal gi tett og tilrettelagt oppfølgjing til unge.
Det er viktig å sjå at det finst fleire vegar til kvalifisering og kompetanse. Vi har også innført rett til å få fullføra vidaregåande opplæring, eit viktig tiltak for å sikra at unge får den kompetansen som vert kravd i dagens arbeidsmarknad.
Lokalt vil vi også gjera meir.
Vi er stolte av det etablerte næringslivet vi har, og vi jobbar kvar dag for å gjera oss attraktive for nye næringsetableringar og fleire arbeidsplassar, samstundes som vi tek vare på dei som allereie er etablerte.
Dette er vi avhengige av for å sikra framtidige inntekter.
I perioden 2019–2022 har talet på sysselsette i det private næringslivet i kommunen auka med heile 9,4 % – det er 502 nye jobbar!
Til samanlikning er auken i heile Vestland på berre 3,0 % i same perioden.
Samanliknar vi dette med tilsvarande tal for Os og Fusa kommunar i dei åtte åra frå 2011 til 2019, var talet 197 nye jobbar (ein auke på 3,8 %) i det som no er Bjørnafjorden kommune.
Dette viser at det private næringslivet ser på kommunen vår som ein attraktiv kommune å driva næring i. Vi vil halda fram det gode arbeidet slik at vi legg til rette for fortsatt vekst i sysselsetjing og skatteinngang.
Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti går til val på å sikra føreseielege rammevilkår for dei næringsdrivande i kommunen, og slik legga til rette for endå fleire nye arbeidsplassar i Bjørnafjorden.
Etterspurnaden etter arbeidskraft er framleis på eit høgt nivå. Det gir oss ein unik moglegheit til å hjelpa dei som i dag står utanfor, med å koma seg inn i arbeidsfellesskapet.
Dette skal vi klara saman. Saman får vi også dei neste 100.000 i jobb!
Richard Markhus, 4. kandidat
Jo Rune Ugulen Kristiansen, 6. kandidat
Bjørnafjorden Arbeidarparti