Meining | 07. aug. 2023

Besto og besten skal ikkje ut på anbod! 

DEBATT: JA til trygge og føreseielege omsorgstenester.

Besto og besten skal ikkje ut på anbod! 
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 07. aug. 2023 11:14

Visste du at ein konsekvens av å setja besto og besten ut på anbod, kan vera inntil 1 million kroner mindre i pensjon for omsorgsarbeidarane? Ja, du leste rett!

Dette kan bli ein av mange konsekvensar av å konkurranseutsetja dei kommunale omsorgstenestene.

Er omsorgsarbeidaren over 55 år kan privatisering av arbeidsplassen din medføra at du mister inntil 1 million kroner i pensjon. Dette fordi ein då mister rettigheitane til avtalefesta pensjon (AFP) dersom ein kommunal sjukheim vert privatisert.

Imot privatisering av kommunale tenester

Bjørnafjorden Arbeiderparti er sterkt imot å konkurranseutsetja eller privatisera dei kommunale tenestene. Nettopp fordi det vil medføra så mange negative konsekvensar.

Erfaringar frå stader der dette er utprøvd viser at privatisering gir auka utryggheit og mindre føreseielegheit for dei tilsette, i tillegg til at dei tilsette over tid får dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn om dei var tilsette i kommunen.

Og, dersom du skulle koma i den situasjonen at du ikkje lenger kan stå i den stillinga du har, har du et mykje dårlegare sikkerheitsnett enn om du er tilsett i kommunen.

Lønn er ein driftskostnad

80 prosent av kostnaden med å drive ein sjukeheim, er løn. Då er det naturleg at dersom ein skal tena pengar på å driva ein sjukeheim, då MÅ lønskostnadane reduserast.

Forskjellane i vilkår kan ein enkelt sjå sjølv ved å samanlikna tariffavtalen i privat sektor (NHO 481) med tilsvarande i kommunal sektor (KS). Kven av dei kommunalt tilsette er det som fortener dårlegare arbeids-, løns- og pensjonsvilkår?

Arbeidarpartiet meiner at svaret på det er INGEN!

Korleis skal vi læra opp og behalda kompetanse i kommunen dersom vi ikkje sjølv styrer tenestene vi tilbyr? Vi ønskjer også å halda fram med satsinga på lærlingar som Arbeidarpartiet har hatt fokus på i denne perioden.

Heilskapeleg tilbod til den einskilde

Omsorgstenester involverer ofte ulike faggrupper som samarbeidar om å yta best moglege tenester til den einskilde tenestemottakar.

Konkurranseutsetjing kan gjera det vanskelegare å gje eit heilskapleg og best mogleg tilpassa tilbod til den einskilde. I tillegg kan det verta vanskelegare å bli høyrt dersom ein ikkje er nøgd med tenestetilbodet, når kommunen ikkje lenger har det direkte ansvaret for tenesta.

Det kan også gje mindre rom for at både omsorgsmottakar og dei pårørande kan påverka korleis tenestene vert leverte.

Hyppige skifte av tenestetilbydarar kan dessutan vera både forvirrande og stressande, og det kan igjen bli opplevd som utrygt for både besto og besten. 

Bjørnafjorden Arbeidarparti seier JA til trygge og føreseielege omsorgstenester. Og NEI til å privatisera og konkurranseutsetja dei kommunale tenestene.

Besto og besten skal IKKJE ut på anbod!

Jo Rune Ugulen Kristiansen, 6. kandidat til kommunestyret

Irene Vågen, 11. kandidat til kommunestyret

Bjørnafjorden Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.