Meining | 13. aug. 2023

Tala som viser korleis vi vil ta Bjørnafjorden frå NEI til JA

DEBATT: Ein gjennomgang av protokollane for fireårsperioden 2020-23 syner eit tydeleg bilete.

Tala som viser korleis vi vil ta Bjørnafjorden frå NEI til JA
Gustav Bahus (t.v.) og Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. aug. 2023 21:17

I den lokale valkampen har det vorte mykje fokus på JA-kommunen Bjørnafjorden.

FrP er tydeleg på at vi vil reetablera JA-kommunen både i plan- og byggjesaker, og i høve søknader o.l. frå næringsliv og frivillig sektor. For oss står til dømes den private eigedomsretten sterkt, og det er viktig at kommunen strekkjer seg langt for at du skal få utvikla eigedommen din slik du ynskjer.

FrP står for at vi skal bestemma arealpolitikken lokalt, og ikkje gjera knefall for Statsforvaltaren eller Vestland fylkeskommunen med ein gong dei har innvendingar til vårt lokalpolitiske skjønn.

Skal vi få vekst og utvikling også ute i bygdene kan t.d. ikkje alt av nye bustader lokaliserast på Osøyro eller langs kollektivtrasear med bussavgangar kvart 15. minutt.

I kommande valperiode vert det ei hovudoppgåve for FrP å leggja til rette også for bustadbygging ute i bygdene - på begge sider av fjorden.

AP hevdar i annonser og lesarbrev at Bjørnafjorden allereie er ein JA-kommune, og at det har vore tydeleg også dei siste fire åra. Vi tvilar sterkt på at grunneigarar og utbyggjarar er einige i dette bilete.

AP viser til dømes til at kommunen i all hovudsak seier JA i nye byggjesøknader, men dette er kurante byggesaker som administrasjonen handsamar på delegasjon.

FrPs poeng er at i den politiske handsaminga i Plan- og byggningsutvalet framstår Bjørnafjorden som ein NEI-kommune i denne valperioden.

Ein gjennomgang av protokollane for fireårsperioden 2020-23 syner eit tydeleg bilete.

I byggje- og frådelingssaker er det dispensasjonar og klagesaker som ligg til Plan- og bygningsutvalet.

Ser vi på t.d. 2020, og summerer opp får vi følgjande bilete;

Plan- og byggningsutvalet handsama dette året 40 dispensasjons- og klagesaker (nokre saker var oppe fleire gongar).

SV og MDG sa nei i dei aller fleste sakene, medan AP/SP sa nei i heile 38 % av sakene. FrP/H sa derimot nei i berre 3% av dispensasjons- og klagesakene.

Det er altså stor forskjell på partia!

Når 38 % av alle enkeltsaker som har vore til politisk handsaming endar med NEI, kan ikkje AP hevda at Bjørnafjorden i dag er ein JA-kommune.

I tillegg synar protokollane frå Plan- og bygningsutvalet for 2020 at fleirtalet AP/SP/MDG/SV tok ut fleire titals bustadareal frå arealplanen for Bjørnafjorden Vest. Alt for å tekkast Statsforvaltaren.

Dette representerer i sum store tap for grunneigarar og utbyggjarar i Bjørnafjorden.

Skal Bjørnafjorden kommune væra ein JA-kommune må vi også visa det i praktisk politikk.

Det gjer Bjørnafjorden FrP. Godt val 11. september!

Terje Søviknes (FrP)
Gruppeleiar

Gustav Bahus (FrP)
Fraksjonsleiar i Plan- og byggningsutvalet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.