Sverre og Norge sette verdsrekord
Vann EM-gull i Heerenveen på tidenes beste tid.
Sverre Lunde Pedersen er tilbake i god form, og starta sesongen med 5. plass på tre av tre 5000 meterar i verdscupen.
I lagtempo starta han og resten av det norske laget med verdscupgull og banerekord i Japan.
No er det EM, og i kveld har Norge gått lagtempo igjen.
Der gjekk Sverre Lunde Pedersen, Sander Eitrem og Peder Kongshaug inn til gull og verdsrekord.
– Noko av det sprøaste eg har sett på ein skøytebane, seier skøyteekspert Ida Njåtun på VGTV, som har dei norske TV-rettane til årets skøytesesong.
I VM i fjor, som òg gjekk i Thialf i Heerenveen, var Allan Dahl Johansson vikar for Sander Eitrem.
Då gjekk dei inn på 3.40,93 og landa på 3. plass. Vinnartida var 3.38,36.
I dag gjekk dei i mål på rekordtida 3:34.22.
Italia tok sølv, Nederland bronse.
- I januar 2022 var Sverre med på å setja banerekord i lagtempo i Heerenveen med tida 3:38.920.
- Norge tok OL-gull i samme øving i Kina i 2022, også då med Pedersen og Kongshaug på laget.
- Sverre var med på å gå inn på 3:36.398 i verdscup i desember 2021, noko som den gong var ny, norsk rekord. Som junior var han med på å setja fleire verdsrekordar i lagtempo.
Sverre skal òg gå 5000 meter i EM. Den startar klokka 15.29 laurdag.
– Begge delar blir spennande. Også siste verdscup i lagtempo blir ein thriller. Der er vi tre nasjonar som no står heilt likt, og det er lagtempo i berre éin av dei to siste verdscuprundane, sa Sverre til Midtsiden rett før jul.
Årets sesong
Meisterskap:
EM i Heerenveen 5. til 7. januar
NM allround i Vikingskipet 12.-14. januar
VM enkeltdistansar i Calgary 15. - 18. februar
VM allround og sprint i Inzell 7. til 10. mars.
Verdscupkalenderen:
10. - 12. november: Obihiro, Japan
17. - 19. november: Beijing, Kina
1. - 3. desember: Stavanger
8. - 10. desember: Tomaszów Mazowiecki, Polen
26. - 28. januar: Salt Lake City, USA
2. - 4. februar: Quebec, Canada