Sport | 01. des. 2010

Sverre sette verdsrekord

Sverre Lunde Pedersen slo 9 år gamal verdsrekord, ein super 3000 meter sørgja for bestenotering i utandørs mini-firkamp.

Sverre sette verdsrekord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. des. 2010 20:57

Sverre var ikkje nøgd med 5. plass som beste resultat i NM i enkeltdistanse i starten av november, men i verdscupen i Berlin for ei dryg veke sidan tok det seg opp. Først fekk han 2. plass i B-gruppa på 5000 meter, så var han med på å vinna sølv i lagtempo.

I helga viste han at han har meir inne, i mini-firkamp utandørs i Zakopane i Polen gjekk han inn på bestenotering i verda, 37.84 – 1.50.94 – 1.13.20 – 3.52.54 (500m – 1500m – 1000m– 3000m).

- Eg visste ikkje at det var rekord før eg nyleg såg det på skøyteforbundet sine nettsider, seier Sverre til Midtsiden.no.

Med 150,176 slo han Joey Cheek sin rekord frå 2001 i Butte i USA. Den gamle rekorden var 151,389 (36.45 - 1.50.84 / 1.12.48 - 4.10.52).

Det var med andre ord berre 3000-meteren Sverre var best på, men der hadde han til gjengjeld ei kanonbra tid, 3.52.54 er nesten 18 sekund raskare enn Cheek.

- Eg set rekorden i junior lagtempo frå i fjor høgare. Sjølv om denne rekorden også gjeld senior, er det stort sett berre juniorar som går mini-firkamp. Men det er litt stas likevel.

På treningsleir i varmen
Sverre skal også delta i allround-NM på Frogner Stadion før jul. Helga 18. -19. desember kjempar han om ein av dei tre norske plassane i årets junior-NM.

Viss du trudde Sverre skulle førebu seg i kalde Noreg tar du feil. Medan osingar kosar seg på isen i heimbygda stikk det store skøytetalentet til Lanzarote.

- Det blir styrke- og barmarkstrening. Det er mykje igjen av sesongen, og eit lite opphald no, så då passar det bra å bygga litt muskelmasse i varmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.