Sverre tok sølv og sette ny rekord i lagtempo
5.000-meteren gjekk heller ikkje så verst for Lunde Pedersen.
Sverre Lunde Pedersen sto over dei to første verdscuprundane for å få tid til å koma i endå betre form etter sykkelulykka i mai.
I helga deltok han i verdscup 3, som blei arrangert på den raske isen i Salt Lake City.
Fredag gjekk han 5.000 meter. Sverre deltok i divisjon B.
- Der han landa på 8. plass av 43 deltakarar.
- Sverre hadde tida 6:15.116, som er betre enn 10. plassen i divisjon A.
(Divisjon B er ikkje heilt samanliknbar med divisjon A, då divisjon B går 4 mot 4, samtidig som 4 er i oppvarming, og det at fleire er i sving på isen kan skapa noko mindre luftmotstand for deltakarane.)
Svenske Nils van der Poel vann med tida 6:01.566, som både er ny banerekord og ny verdsrekord.
Ny norsk rekord
Søndag gjekk Sverre lagtempo saman med Peder Kongshaug og Hallgeir Engebråten.
Peder gjekk i front, Hallgeir i midten og Sverre bakerst for å pusha på.
– Lunde Pedersen overraska dei norske kommentarorene og TV-sjåarane på Viasat 4, seier Norges Skøyteforbund i ei pressemelding i dag.
Noreg kom på 2. plass med 3:36.398, som er ny, norsk rekord.
Vertsnasjonen USA vann på tida 3:34.473.
1. plass: USA
2. plass: Noreg
3. plass: Italia
4. plass: Kina
5. plass: Canada
6. plass: Nederland
7. plass: New Zealand
Japan fullførte ikkje
Til helga går verdscup nummer 4 av stabelen i Calgary i Canada.