Skøyter | 13. mai 2021
Sverre skadd i sykkelulykke
Sverre Lunde Pedersen henta med ambulanse i Agder.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. mai 2021 18:51
Skøyteløper Sverre Lunde Pedersen har hatt eit uhell på trening.
Han skal ha ramla av sykkelen på ein privat treningstur i Dølemo torsdag ettermiddag, og blei henta med ambulanse.
Sverre var bevisst, og skal ikkje vera kritisk skadd, skriv BT, og viser til skøyteforbundet.
Lunde Pedersen var også involvert i ei sykkelulykke hausten 2019, då i Inzell.