Sette ny verdsrekord
Sverre Lunde Pedersen var i dag med på å setja ny juniorverdsrekord i lagtempo.
I helga har skøytelandslaget vore i Russland og gått sesongens første verdscup. Osingen og fanaløparen Sverre Lunde Pedersen (19) gjekk inn på fine 13. plassar på 1500- og 5000-meteren, i dag sto lagtempo for tur.
Håvard Bøkko følte seg ifølgje NRK.no sliten og valte å stå over, dermed stilte Noreg med reint juniorlag.
Håvard Lorentzen, Sverre Lunde Pedersen og Kristian Reistad Fredriksen stilte til start i par med sterke russarar, og heldt imponerande godt følgje med seniorane.
Noreg blei slått med to sekund og enda samla sett på 6. plass 6.20 bak Nederland.
Men med den knallsterke tida 3.47,63 blei det ny verdsrekord for junioarar.
Les meir og sjå løpet på NRK.no.
Den gamle rekorden på 3.50,02 var også Noreg sin, den tok Sverre og Håvard saman med Simen Spieler Nilsen i 2010.
Sverre Lunde Pedersen har frå før noregsrekord for junior på 1500 meter (1.45,48) og fleire noregsrekordar for aldersbestemt, som 500 og 1500 meter for 15-åringar og rekord på alle distansar for 12-åringar.