Næringsliv | 07. feb. 2023

Sjå deg rundt på den nye verkstaden

– Det meste er på plass, men vi tar gjerne imot meir brukt sportsutstyr.

Sjå deg rundt på den nye verkstaden
F.v.: Dei tre kollegaene Lars Petter, Ole og Tor Arne skal saman med deltakarane i prosjektet driva verkstaden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. feb. 2023 18:37

I dag var første opningsdag og offisiell opning i same snorklipp hos Livskvalitet Ski- og Sykkelverksted i Brugata i Os sentrum.

Verkstaden har fire faste opningsdagar, måndag, tysdag, torsdag og laurdag, torsdagen med langope.

Der tar dei tar reins og prepping av ski, service og reparasjon på sykkel og sel nytt utstyr til sykkel og brukt sportsklede og -utstyr som ski og skistøvlar.

Tre tilsette innan rus og psykiatri skal saman med ei rekkje deltakarar halda verkstad, butikk og kaffikanne i drift.

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 9

Dei har også nytt sykkelutstyr, brukte sportsklede og brukte ski og sko for sal.

Vi kom innom før den offisielle opninga.

– Det meste er på plass. Vi manglar nokre sykkeldelar for sal og til verkstaden, men dei skal koma i ettermiddag, sa Lars Petter Grønvigh.

– I hyllene for brukt sportsutstyr har vi plass til meir. Folk må gjerne ta kontakt før dei legg ting ut på Facebook eller Finn, det er kjekt om vi klarer å halda vareutvalet oppe.

Desse selte Lars Petter ny på MX Sport for mange år sidan. No har han fått dei mellom hendene i ny verkstad. (Foto: KVB)
Desse selte Lars Petter ny på MX Sport for mange år sidan. No har han fått dei mellom hendene i ny verkstad. (Foto: KVB)

Sjølv har Grønvigh, som tidlegare var butiksjef i MX Sport og seinare Sport Norge, allereie tatt imot varer han tidlegare har selt som ny.

– Eg kjenner igjen nokre av skia vi har fått inn til prepping og bruktsal, ski eg sjølv monterte bindingar på då dei var nye for over ti år sidan.

Har du ingenting å handla eller reparera, håper dei tilsette du kjem innom på kaffi, og kanskje kjøper ein pose av deira eigen kaffi med heim.

Klokka 12 tysdag starta opningsseremonien:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.