Kultur | 14. feb. 2013

Like frekk som i fjor

Den heite valentines-utstillinga MX Sport hadde i fjor har fått "konsekvensar".

Like frekk som i fjor
Årets valentinesutstilling hos MX Sport med tilbakeblikk på fjoråret innfelt. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. feb. 2013 21:39

I februar i fjor hadde MX Sport på AMFI Os ein valentines-utstilling av det dristige slaget.

– Alle andre har så sukkersøte utstillingar, vi ville finna på noko anna, forklarte butikksjef Lars Petter Grønvigh på vegne av seg sjølv og kollega Halgeir Fosså.

Så nærma det seg ny valentinesdag, men ideen om oppfølgjaren kom dei ikkje på før torsdag morgon 14. februar.

Naturleg oppfølgjar

– Vi hadde ein prat tidlegare i veka om kva vi skulle finna på, utan å koma på noko.

– Men i dag tidleg kom ideen av seg sjølv, den koselege valentinesdagen frå i fjor fekk ein heilt naturleg oppfølgjar, seier Hallgeir Fosså.

To blei til tre

"Etter en særs vellyket valentines-tur i fjor er det en ekstra med i år" sto det på plakaten til utstillings-paret, som saman med ei babydukke, også i år heldt varmen innanfor ein Jerven-duk.

– Sel de ekstra med Jerven-duk på desse stunta?

– Eg hugsar ikkje om vi selte nokre dukar på valentinesdagen i fjor, men samla sett så selte vi ganske mange Jerven-dukar i 2012, så det kan ha hatt litt salseffekt.

– Uansett vil vi minna folk på å halda varmen gjennom vinteren, og begge metodar er veldig gode, ler Hallgeir Fosså.

– Så får vi sjå kva vi skal finna på til neste år, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.