– Folk tar det med eit smil
Mens dei fleste har sukkersøte valentines-utstillingar går andre butikkar rett på sak.
Tysdag er det valentinsdag og på AMFI Os er det ei utstilling som i dag får meir merksemd enn andre.
Utstillingsdukker "romantisk" plassert under ein Jerven-duk viser MX Sport sitt oppmuntrande syn på eit av kjeden sine fokusområde; friluftsliv.
Og viss du trudde ein eller annan av dei tilsette kjem til å få kjeft for dette stuntet tar du truleg feil. Det er nemleg sjefen som står bak.
– Alle andre har så sukkersøte utstillingar, vi ville finna på noko anna, seier butikksjef Lars Petter Grønvigh på vegne av seg sjølv og kollega Halgeir Fosså.
– Foreløpig er det ingen som har blitt sure. Men det er bra blikkfang i utstillinga, det er fleire som stoppar opp og tar bilde, legg han til.
Om Jerven-duken kjem til å selja betre enn Kari Traa-truse til valentinesdagen? Vi tviler.