Sport | 21. feb. 2013

Tilbyr gratis "helsesjekk"

– Både turski og alpinski treng pleie, og dyre ski er spesielt viktig å gje pleie, seier Lars Petter Grønvigh.

Tilbyr gratis "helsesjekk"
Lars Petter Grønvigh var onsdag i sving med gratis pleie av ski på AMFI. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. feb. 2013 11:48

Det nærmar seg vinterferie og vêrmeldingane er strålande.

Men korleis er solen på skia dine?

– Dei fleste som er aktive med skøyting på ski eller ofte går tur er flinke til dette med smøring, men ikkje alle, seier Lars Petter Grønvigh frå MX Sport Os.

– Og endå verre er det med dei som har alpinski. Mange kjører rundt på dyre ski der solen rett og slett nesten er øydelagt.

Er solen på skia eller snowboardet ditt grå er det nesten for seint å "redda den".

– Vi vil hjelpa osingane med pleie av ski og brett og står onsdag til fredag og deler ut gratis sjekk og og litt enkel pleie av sole og stålkantar til dei som kjem innom no før vinterferien.

– Men ikkje tøm skiboksen din inn dørene på senteret, vi tar eitt par per besøkande, seier Lars Petter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.