Koronastøtte: Med søknadsfrist 16. januar
Har 1,4 millionar kroner å dela ut i Bjørnafjorden kommune.
Den sjette kommunale kompensasjonsordninga er no open for å søkja på. Den nye tildelingsrunden blei vedtatt i Stortinget 21. desember.
– Vesle julaftan fekk vi beskjed om at vi får tildelt 1.372.000 kroner som vi kan dela ut til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltaka i samband med Covid-19, fortel Andris Hamre, kontorsjef i Bjørnafjorden kommune.
Sidan næringssjef Jon Sivert Rykkel har slutta, står Hamre for organiseringa.
Ordninga blei i går lagt ut på regionalforvaltning.no, der bedrifter kan levera søknad.
Søknadsfrist er 16. januar.
Kommunen har mål om å betala ut pengane veka etter.
– Målet med ordninga er å hjelpa dei bedriftene som igjen har blitt ramma av nye smitteverntiltak.
Serverings-, utelivs-, underholdnings- og overnattingsbransjen vil bli prioritert, men også andre kan søka.
Støtta vil bli gitt med eit grunnbeløp pluss eit beløp rekna ut frå mengde årsverk.
Dette skal det opplysast om i søknaden. Der skal søkjar også opplysa om kor mykje vedkomande har mottatt i støtte tidlegare i 2021.
Kor stort grunnbeløpet blir er avhengig av mengde søknadar.