Korona | 04. mai 2021

47 firma får koronastøtte: Betaler ut 8,3 millionar kroner denne veka

Frå 16.000 til over 1,8 millionar - her er lista over alle som får.

47 firma får koronastøtte: Betaler ut 8,3 millionar kroner denne veka
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og næringssjef Jon Sivert Rykkel serverte lista i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. mai 2021 13:56 - Sist oppdatert 04. mai 2021

Regjeringa overførte tidlegare i år først 6 millonar og så 2,8 millionar kroner til Bjørnafjorden kommune som ei kommunal kompensasjonsording til lokale verksemder som har blitt særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Dette er dei første lokale tildelingane etter gåvekortorninga som kommunen sjølv finansierte rett før jul.

– Til den første potten, på 6 millionar, var det meir frie tøyar og fleire kategoriar, firma som driv med reise, arrangement, servering og overnatting som blei fordelt. Vi lagde ein trappetrinnmodell ut frå omsetnad, fortel næringssjef Jon Sivert Rykkel.

Dei neste 2,8 millionane var øyremerkt servering og overnatting. Her blei mengde årsverk utslagsgivande for tildelt beløp.

– Bjørnafjorden formannskap vedtok å ta dei relevante søkjarane til første pott med i totalen på neste pott. Her har administrasjonen saman med Bjørnafjorden Næringsråd gjort ein veldig god jobb, med god og rask behandling, så vi kunne utbetala raskt, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Så og seia alle søkjarane har fått tilslag.

– Vi er veldig nøgd med søknadsmengda og søkjarane. Dei som ikkje fekk innvilgd var anten i ein kategori som fell utanfor, eller hadde ikkje dokumentert nedgang i omsetnad. Her snakkar vi om berre rundt 10 søknadar av over 60 søkarar.

Solstrand Hotel & Bad får naturlegvis mest, med sine rundt hundre årsverk, men også fleire andre firma får solid støtte.

Er-An Veikro får over 400.000 kroner, Peppes får over 300.000 kroner.

Utbetalingane starta i dag.

Her er lista over alle mottakarane, med sum:

  • Solstrand Hotel & Bad As 1 851 881
  • Er An Veikro As 438 623
  • Begen Restaurantkantine AS (Oseana Kafé) 391 899
  • Bjørnefjorden Pizza AS (Peppes) 316 869
  • Vitaltour As 300 000
  • Osroso AS (Havnechefen) 283 495
  • Bjørnafjorden Hotell As 263 471
  • Osøyro Kolonial As 231 432
  • Irish Cat As 216 748
  • Lucianos Pizzaria As 216 748
  • Skjelbreid Poirée As 211 742
  • 2stabilise As 200 000
  • Os Taxi Sa 200 000
  • Grader Grupp AS/ Ilya Kafe & Restaurant 187 606
  • Empire Os As (Elvehuset)175 091
  • Det Midthordlandske Dampskibsselskab As 166 748
  • Os Helsepark AS (Sprek og Blid Os) 150 000
  • Maran Sko As 150 000
  • Ima Kafé Drift As 133 434
  • Mk Catering As 133 374
  • Eikhaugen Gjestegard As 133 374
  • Tønnegarden V/Oddvar Gangstø 125 030
  • Moldegaard As 125 030
  • Lailas Kro Og Kafè V/Laila Smedsvig 116 687
  • Chrila Mote As 113 000
  • Aktiv 247 As 100 000
  • Fjordfolk As 100 000
  • Fjellanger Hundeskole As 100 000
  • Os Travel As 100 000
  • Kaze As 100 000
  • Bjørnefjorden Matkultur 100 000
  • Handelslaget Pampa Arne Bergsvik 83 374
  • Vedholmen Landhandel As 83 374
  • Engevik Gaard Loren Fjaerestad Ditmarsen-radecka 75 030
  • Halhjem Kafe As 75 030
  • Siw Bugge Gjerdevik Kolstad 75 030
  • Bespoke Lifestyle Yolandi Matthee 66 687
  • Lynghaug Invest As 66 687
  • Sigurd Gjuvsland 55 507
  • Hitzone Vest As 50 000
  • Hop On As 50 000
  • Ewa As 50 000
  • Os Yoga Karina Lyssand 50 000
  • Mallorcautleie Sa 50 000
  • Vedholmen Galleri As 50 000
  • Villmarksenteret 40 000
  • Helge Andersen 16 150

Lag og organisasjonar kan søkja om 500.000 kroner

Dei første 6 millionane blei fordelt etter ein trappesatsmodell basert på omsetning i verksemdene.

Denne modellen har gjort at kommunen sit igjen med om lag 500.000 kroner som ikkje har blitt fordelt.

- Eg har difor bede om at desse blir lyst ut på nytt og då særleg retta mot lags- og organisasjonslivet som har lokaler dei leiger ut til bryllup, dåp, konfirmasjon og andre arrangement, seier Lindborg

– Det frivillige laglivet har, som dei profesjonelle aktørane, slite under pandemien. Difor meiner vi at det er rett at også dei skal kunne søke på desse midlane, sjølv om det finst andre kompensasjonsordningar frå Staten som til ein viss grad hjelper dei, seier ordførar Trine Lindborg.

- I tillegg kan verksemder innan servering, reiseliv og overnatting, som ikkje fekk med seg den første søknadsrunden få moglegheiten til å søka.

Lag og organisasjonar som driv lags- og grendahus kan søkjer om å få innvilgd inntil 15.000 kroner i støtte basert på dokumentert omsetningsnedgang for utleige frå 2019 samanlikna med 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.