Korona | 04. des. 2021

Vil snarast i dialog med utelivet

– Vi er på ballen, seier ordførar.

Vil snarast i dialog med utelivet
– Viktig og naudsynt å støtta, seier ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. des. 2021 09:06

Fredag litt før klokka 17.30 blei det kjent at regjeringa hadde vedtatt regionale smitteverntiltak for Bergen og fleire nabokommunar, i tråd med ønske frå statsforvaltaren.

Dei nye reglane tredde i kraft klokka 21 i går, og inkluderer fleire punkt som råkar serveringsbransjen:

  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve.
  • Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Serveringsstadar i Bergen var raske med å uttala frustrasjon i BA og BT. På 3,5 timar måtte dei snu seg rundt.

Bordservering krev meir personale. Samtidig går inntektspotensialet ned.

– Nok ein gong er det denne bransjen som må hiva seg rundt, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Ho viser medkjensle, og seier kommunal kriseleiing allereie i går gjekk i gang med å diskutera korleis kommunen kan hjelpa.

– Aktørane har førebudd seg på at no har ting byrja å normalisera seg, i staden kjem ei innstramming.

Lindborg seier ho synest det er svært viktig og heilt nødvendig å støtta opp om bransjen no.

– Vi vil så raskt som mogleg tilby eit møte med næringa. Vi vil sjå kva vi kan bistå med av hjelp, og vi skal fort få avklara om vi lokalt kan få nytta nokre midlar frå førre statlege tiltakspakke medan dei ventar på nye statlege ordningar og avklaringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.