Regjeringa innfører regionale tiltak
Bjørnafjorden er blant dei aktuelle kommunane.
Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten, opplyser dei i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Tiltaka trer i kraft i dag klokka 21 og varer inntil vidare.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har følgt situasjonen i Vestland dei siste vekene. Det har vore stigande koronasmitte over tid i regionen.
– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set vi i verk tiltak her nå, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift:
- Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi.
- Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
- Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
- Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
- Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
- Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
- Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve.
- Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.
Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:
Alver
Askøy
Austevoll
Austrheim
Bergen
Bjørnafjorden
Kvam
Osterøy
Modalen
Samnanger
Vaksdal
Voss
Øygarden
Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.
Helsedirektoratet støttar statsforvaltaren i oppmodinga om at følgjande kommunar følgjer smittesituasjonen i eigen kommune tett og kontinuerleg vurderer behovet for forsterka tilrådingar og tiltak: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik.
Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.