Dei store sakene i 2016
Søviknes om det nye året: Integrering, kommunesamanslåing, næringsetablering og synleg liv på Øyro.
Ordførar Terje Søviknes har sett tilbake på 2015 og svarer her på kva han reknar med vil bli dei største og viktigaste sakene i 2016.
Les òg: Høgdepunkta vi har i vente (om 2015)
– Men først, ordførar, du er framleis i Os, trass nok ein runde med spekulasjonar om engasjement i Oslo. No vil du ikkje kommentera om du blei spurd, men vil du seia noko om rikspolitikk og ei eventuelle rolle i regjeringa i det heile tatt er uaktuelt for deg å takka ja til?
– Eg rekna med det ville koma ei vurdering no, midtvegs i regjeringsperioden, det er vanleg. Eg er nøgd med det dei gjorde, og ville uansett ikkje vore klar for å reisa til Oslo sjølv.
– Det bli gjenvalt til det som no er min femte periode som ordførar var stort. Eg ba om tillit frå osingane og eg fekk tillit, det ville vore vanskeleg å reisa. Å bu nær ungane mine, Karina og Jonah, veg framleis tyngst.
– Har du slått frå deg all rikspolitikk for all framtid?
– Det er ikkje noko absolutt mål for meg i driva med rikspolitikk. Å sitja i regjering, å faktisk vera med å styra landet, ser eg på som det optimale ein kan oppleva som politikar. Samtidig så byrjar eg å bli nokre år, og skal eg éin dag driva med noko anna enn politikk så er det gjerne ikkje så lenge til eg må tenkja i nye banar. Førebels er det ikkje noko eg grublar mykje på, men eg får vel ta det opp til ny vurdering om det blir aktuelt før neste stortingsval, altså i 2017.
Internasjonal i Os
Noko av det Søviknes var mest nøgd med i ny regjeringskabal var oppretting av eigen Innvandrings- og integreringsminister.
– Sylvi Listhaug er ei veldig god dame for denne oppgåva, for denne europeiske utfordringa.
– Eg trur mykje av det vi kjem til å jobba med i lokalpolitikken i tida som kjem er påverka av internasjonal politikk, frå integrering til oljepris og økonomi. No er vi ikkje så avhengige av petroleumsbransjen i Os. Vi har mange som jobbar i bransjen og nokre firma som er leverandørar, men det kunne vore verre.
– Dessutan for vi nok ein del drahjelp av vegen som er under byggging, både når det kjem til bustadprisar og næringsliv.
Ulike kategoriar som viser interesse
– Har du merka på nokon måte at første spadetak er tatt, i forhold til næringsaktørar som vil til Os eller viser interesse for Lyseparken?
– Ja, heilt klart. Det er ei gryande interesse og det er i hovudsak tre katgoriar firma som vender seg til oss på rådhuset, seier Søviknes og ramsar opp:
1. Næringsaktørar som vurderer Os for reetablering eller nyetablering.
2. Eigedomsaktørar som viser interesse for å bygga i Lyseparken.
3. Store bustadutviklarar som vil gjera seg kjent med terrenget i Os for eventuelt å sikra seg område.
– Kva med Hordfast, Aksdal-Bergen og bru over Bjørnafjorden?
– Før ferien, kanskje rett over ferien, skal endeleg planprogram ut på høyring. Når denne kjem blir det folkemøte.
– Eg er overbevist om at tunnell under Øyane blir valt framfor veg i dagen, blant anna fordi det er dyrare å bygga bruer innover øyene enn å driva tunnell under.
Vil forskottera ny fylkesveg
I samband med E39 Svegatjørn-Rådal blir det som kjent jobba med å få midlar til fylkesvegen som i si tid blei tatt ut av bompengeprosjektet, vegen frå Åsen til krysset ved Drange.
– Denne frigjev mykje bu- og næringsareal, i tillegg til at Lysefjorden har mykje dårleg veg frå før.
– Har du tru på at den skal nå opp på fylket si prioriteringsliste innan sommaren, som er viktig for at den skal bli prosjektert og bygd i same perioden som Svegatjørn-Rådal?
– Det er trongt på fylkesvegbudsjettet, men håpet mitt er at fylket seier ja, men at vegen blir forskottert med midlar frå E39-prosjektet for seinare tilbakebetaling frå fylket med midlar frå 2022.
– Kor viktig er denne vegen i forhold til å fullføra utvidinga av Lepsøyvegen - og i forhold til utviding av Hatvikvegen i samband med utbygging på Bjånes?
– Desse er òg viktige, og vi vil slåst for å få desse inn parallelt med fylkesarmen mot Drange.
– Samtidig er det nokre mindre tiltak, som Hegglandsdalsvegen inn mot Vallabrua og fylkesvegen forbi Kloppamyra. Når det gjeld gang- og sykkelveg på dette stykket av Ulvenvegen har vi lagt inn litt i vårt kommunale budsjett og vi har fått fleirtal i fylket for bygging av gang- og sykkelveg i noko enklare standard, i tråd med det nasjonale prøveprosjektet som blei lansert i haust.
Av infrastruktur skal det òg planleggast vidareføring av nytt vassleidningsnett frå Nordmarka til Bjånes. - Då kan vi få bygd gang- og sykkelveg langs fylkesvegen frå Valle bru til Hatvikvegen samstundes, konkluderer Søviknes.
Meir sannsynleg med kommunesamanslåing
Søviknes ser fram til å starta 2016 med å bli betre kjent med ny rådmann, Christian Fotland startar i jobben fredag 15. januar.
– Vi har hatt ei fantastisk tid med Knut Terje Rekve. Med Fotland trur eg vi har funne ein veldig god etterfølgjar.
Ordføraren trur mykje av første halvår kjem til å handla om kommunereformen.
– Vi har ikkje brukt så mykje krefter på dette, i og med at vi er rundt 20.000 innbyggarar og fint kan stå åleine.
– Men då det før jul blei klart at både Fusa og Tysnes truleg vil gå videre med ein prosess med Os så må vi møta dette på ein profesjonell måte. Nytt inntektssystem, som no er på høyring, gjer det mindre attraktivt å væra sokalla frivillig liten kommune. Det kan auka motivasjonen for kommunesamanslåing i dei litt mindre kommunane rundt Bjørnafjorden. I tillegg ser det ut for at vi får regjeringa med oss på at vekstkommunetilskotet, som Os har nytt svært godt av dei siste åra, kan behaldast etter ei eventuell kommunesamanslåing i regionen.
Frist for lokale vedtakt er i juni. Spørsmålet er; kan Os bli pressa til å ta imot?
– På éi side kan vi ikkje bli pressa til å slå oss saman med nokon, på ei anna side er det sagt at éin kommune ikkje kan blokkera for ei fornuftig samanslåing i eit geografisk område der dei andre kommunane er positiv til samanslåing.
– Slik eg ser det, med den dreiinga det har vore den siste månaden, så er sjansen større for at Os blir slått saman med éin eller fleire kommunar rundt Bjørnafjorden større enn sjansen for at vi ikkje blir slått saman med nokon.
– Derfor må vi gå inn i dette med eit ope syn og fleire grundige diskusjonar.
Bølgedempar på veg til Spania
I skrivande stund er ein modell av ein potensiell bølgedempar på veg til Spania for testing.
– Prosjektet med skjerming av Os hamn er vi veldig spente på. Modellen er i 1/8 av full storleik, eit rør med skjørt. Er testen vellykka, noko vi får svar på i februar, skal demparane ut på anbod.
Den første av dei fem kan bli lagt ut i år. Dei neste fire kjem i éin runde seinare.
Synleg resultat av Liv på Øyro-prosjektet
Til no har Liv på Øyro-prosjektet vore synleg i form av skisser, talar og gravearbeid. No har Øyro, altså gata frå Leganger-hjørnet til eit stykke inn i Brugata, fått nye røyr. Neste steg handlar meir om finish.
– Eg håper nytt bygolv er på plass før sommaren og at vi kjem i gang med baldakinene i løpet av året. Det skal bli godt å kunna gå tørrskodd på Osøyro, på portugisisk granitt!
– Kva med glasbygget på Torget?
– Her er det ikkje tatt endeleg stilling til korleis det skal bli, men det er ein spennande prosess som ser ut til å landa på eit bygg der vi både kan ha ein kombinert kafé og turistinformasjon og eit overbygd areal til utleige, for eksempel til ulike torghandlarar frå veke til veke.
Parkeringshus er det, basert på vedtaket i haust, sett ned ei gruppe som skal sjå nærmare på i 1.halvår 2016. Dette gjeld både finansiering og heile det framtidige parkeringsregimet i Os sentrum.
– Kva skjer vidare med Europan, no etter at vinnar er kåra?
– Vi er i dialog med vinnaren og skal ta stilling til om vi vil gå vidare med vinnaren eller med ein kombinasjon av fleire av deltakarane.
– Det vil koma ei sak til formannskapet der dette blir avgjort.
Skule, eldreomsorg og idrett
Både Ohara og utviding av Luranetunet er prosessar som held fram til 2017. Luranetunet er litt forseinka då kommunen ventar på avgjerd frå Riksantikvaren i samband med kulturminne, men fekk ein varsam byggestart rett før jul.
– Lunde barneskule går inn i eit litt krevjande år, litt tilsvarande som Lysekloster skule hadde i utbyggingsfasen der, men utan bruk av brakker som midlertidige klasserom.
– Utvidinga var ikkje med i den opprinnelege skulebruksplanen, men eg er glad for at vi fann ei løysing som gjer at skulestart 2017 blir i nyutvida skule.
– Elles kan vi òg sjå fram til både ny dobbelthall på Kuventræ og nok ein ellevarbane på Nore Neset. Administrasjonen hadde i utgangspunktet utsett den nye hallen eit år, men vi drog den tilbake til 2016 og håper på ferdigbehandling av reguleringsplanen på nyåret og byggestart i år.
– Med den kapasiteten Os Turn, Os Idrettspark og Nore Neset idrettslag no får, når dei ligg så tett, er det kanskje duka for at dei to idrettslaga saman kan byrja å planlegga ein større cup. Vi bør ha alle forutsettningar til å kunna konkurrera med tilsvarane storarrangement t.d. i Sogndal og på Voss. Her ligg det ei spanande utfordring til idrettslaga i Os, seier Terje Søviknes avsluttingsvis.