Lokal | 05. des. 2015

Positive signal til spleiselag

Onsdag kveld var grunneigarane i sentrum i diskusjonar med Os kommune om opprusting av Osøyro.

Positive signal til spleiselag
Gata Øyro og Torget er del av Bydraget, den første delen som blir rusta opp i Liv på Øyro-prosjektet. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandlaurdag 05. des. 2015 09:26

Initiativet til møtet kom frå interimstyret i grunneigarforeininga ved Knut-Jarle Aspenes og Os kommune, ved prosjektleiar for «Liv på Øyro», Fredrik Seliussen.

Kostnadsoverslaget for revitalisering av «Bydraget» er på 60 millionar kroner. Os kommune meiner dette vil skapa «Liv på Øyro». Inkludert i dette ligg mellom anna granittdekke i vegen (såkalla bygolv), baldakinar, lys og torgbygg.

Les òg: Slik blir torget og Osøyro (nye skisser 24. november)

Anbodet for utføring av arbeidet med Bygolvet ligg ute på doffin no, med frist for å levera anbod tysdag 15. desember kl 12.00. Seliussen håper det vil vera mogleg å starta sjølve arbeidet rundt påsketider.

Uforpliktande spørjeundersøking

På slutten av møtet vart det gjort ei uforpliktande undersøking blant dei frammøtte som viste at 2/3 var udelt positive til dei framlagde planane. Den resterande tredelen ville utsetja å svara, men ingen var negative til planane.

– Signala frå møtet var veldig gode, seier Seliussen.

– No skal vi følgja opp dei som ikkje hadde høve til å kome på møtet. Fleire har bede om eigne møter, og det vert sendt ut ei oppsummering både til dei som stilte opp, og dei som ikkje kunne kome, avsluttar han.

Spleiselag

Finansieringsløysinga som vart presentert på grunneigarmøtet er som følgjer:

Os kommune bidrar med 30 millionar, pluss 21 mill. til bølgedemping på fjorden. Dette meiner kommunen vil gjera Os hamn meir attraktiv, noko som vil få ringverknadar inn i sentrum.

Grunneigarar og næringsdrivande bidrar med dei resterande 30 millionane.

Syt for finansiering

I tillegg til at Os kommune vil bruka 51 millionar på finansieringa av Bydraget og bølgjebrytar, tilbyr kommunen seg å vera med å syta for finansiering på vegne av BID* Osøyro for dei resterande 30 millionane.

Renter og avdrag vert føreslått dekka inn gjennom medlemskontingent frå medlemmene i BID Osøyro. Per i dag vil rente- og avdragskostnadane verta kring 1,8 millionar kroner med ei nedbetalingstid på 20 år.

Fordeling

Avgrensinga av BID Osøyro vil følgja den geografiske avgrensinga for planområdet Os sentrum.

Kostnadsdelinga vil bli rekna ut frå brutto totalareal, med eit tak på 250.000 kroner pr. eigedom.

Private bustadar vil ikkje verte rekna med, men utleigebustader inngår.

*Kva er BID?

• BID står for Business Improvement District.
• Eit BID er eit presist avgrensa område, til dømes eit område eller eit kvartal i sentrum, der næringsdrivande gjennom røysting seier ja til å investera i tiltak, som styrkjer konkurranseevna i området, saman.
• I Noreg må ei BID- ordning ha basis i ei lov. NSU har difor no utgreia eit særskilt lovgrunnlag for ordninga og tilrådd dette for departementet. Prosjektet er kalla «Lov om vitalisering av bysentrum – ei norsk BIDordning».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.