Lokal | 09. nov. 2015

Skal testast i Spania

Bølgebryterane som skal skjerma Os hamn er under utvikling. I februar sendes ein prototype til Spania for testing.

Skal testast i Spania
Slik ser skissa til plassering av bølgebrytarar ut (ill: Os kommune)
Andris Hamremåndag 09. nov. 2015 09:16

Det har i fleire år vore eit politisk ønskje om å gjera Os til ei meir attraktiv gjestehamn. Difor satte politikarane av 20 millioner i førre investeringsbudsjett til prosjektet. Etter planen skulle den første av tre bølgebrytarar vera på plass allereie no i oktober, men slik gjekk det ikkje, då dei to tilboda kommunen fikk ikkje hadde rett pris eller var godt nok dokumentert.

– Vi jobbar med Aquasafe og Tematec som konsulentar for å dimensjonera ein flytande molo/bølgedempar som skal stå i mot det som kan tenkast å komma fr�� Luksund av vêr og vind. Dei skal òg utformast slik at større båtar, som Statsraad Lehmkuhl skal komma inn til hamna.

– Konsulentane er i inngripen med aktuelle leverandørar for å laga ei god kalkyle og ein prototype som held seg innanfor dei rammene på 22 millioner kroner som er satt i investeringsbudsjettet.

– Vi har allereie booka tid i Spania i februar for å testa prototypa av aktuell løysing og håpar å få lagt ut den første tidleg i 2016. Då får Os sentrum eit fantastisk hamneområde, fortalde prosjektsjef Tor Inge Døsen på budsjettkonferansen i førre veke.

Gjestehamn på Haugsneset?

Prosjektsjefen sin presentasjon fekk Emil Tetlie Brimsholm (H) til å stilla spørsmål om ein ikkje burde sjå på området innanfor moloen på Haugsneset ein gong til.

– Vi har jo planlagt ei bubilparkering på Haugsneset og vi får no eit potensiale til å ta imot 100 båtar. Då treng vi å laga fasilitetar til dei som dusj, grillområde med meir. Kunne vi laga området på Haugsneset tilgjengeleg for småbåtar med disse tinga?

– Det er eit interessant innspel. No får vi først få verifisert prototypen, både på teiknebrettet og gjennom testinga i Spania. Då først er det klart for ei beslutning i kommunestyret, svara ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kan bli stoppa

Om testinga ikkje gjer dei svara ein ønskjer seg kan prosjektet bli stoppa.

– Det er eit stopp-punkt når saka kjem til kommunestyret igjen om vi ikkje får dei svara vi ønskjer oss frå testinga, tilføyde Søviknes.

Nettopp det er Arbeiderpartiet opptekne av. I sist kommunestyremøte, då tertialrapporten for 2. tertial blei handsama, tok Gisle Hesjedal (Ap) til ordet for å droppa heile prosjektet ut frå rådmannen sine betraktningar av kva som er nice to have og kva kommunen må investera i.

Bølgebrytarane fekk i følgje Hesjedal i kategorien nice to have.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.