Lokal | 31. des. 2015

Godt nytt år, osingar!

Ordførar Terje Søviknes ser tilbake på 2015 og helsar til innbyggarane før inngangen på det nye året.

Godt nytt år, osingar!
Ordførar Terje Søviknes oppfordrar deg å sjå fellesfyrverkeriet i Os sentrum i kveld. Bildet viser Pro Pyro sitt fyrverkeri i Øyane for eit år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2015 09:45

Eit år går mot slutten og det er tid for ei lita oppsummering. 2015 har vore eit nytt fantastisk år for Os kommune. Folkeveksta er framleis høg, mange lokale verksemder har hatt ei positiv utvikling gjennom 2015 og kommuneøkonomien er framleis solid. Alt tyder no på at vi styrer mot eit godt overskot også i år.

I kommunen starta året med opning av Bjørnefjorden Bufelleskap og utvida dagsenter for psykisk utviklingshemma på Kuhnle. Her har bebuarane fått eit etterlengta og fantastisk anlegg vi alle kan væra stolte av. I august avslutta vi også 1. fase av skuleutbygginga med nyopning av Lysekloster skule. I samarbeid med Lysekloster IL er heile oppvekstsenteret på Edne no oppgradert.

På Kuventræ er også 1. byggetrinn av Os Idrettspark Kuventræ opna. Vi har fått ny kunstgrasbane og eit moderne friidrettsanlegg som supplerar tilbodet i sentralidrettsanlegget vårt. I 2016 tar vi fatt på 2.byggetrinn med ny dobbel idrettshall på Kuventræ. Også på Søfteland har dei fått nytt friidrettsanlegg i år. Friplassen, friidrettens svar på ballbingar, er det første anlegget i sitt slag på Vestlandet. I alle desse prosjekta må eg få gje honnør til idrettslaga og det frivillige arbeidet dei legg ned. Utan deira innsats hadde vi ikkje hatt rom for slike praktanlegg i kommunen.

I haust har vi også fått oppstart på to ny store byggjeprosjekt; - nytt hovudavløpsreinseanlegg OHARA i Liafjellet og utvidinga av Lurantunet med vel 90 ny plassar. Dette vert spanande prosjekt å følgja gjennom 2016 og fram mot ferdigstilling i 2017.

Eit anna prosjekt som stadig er i utvikling er «Liv på Øyro». I året som er gått er all infrastruktur under bakken fornya, og i 2016 får vi nytt bygolv, baldakinar, torgbygg og bymøblar. Ved neste nyttår vil Osøyro stå fram i ny drakt! Vonleg er vi då også godt på veg med utlegging av bølgjedemparar i Os Hamn og prosjektering av nytt parkeringshus/kollektivterminal på Osøyro.

Størst av alt i 2015 var imidlertid oppstarten på E39 Os-Bergen. 3. september vart første spadestikk tatt. Endeleg, etter 54 år med planlegging, er vi i gang! Stor takk må rettast til alle lokalt som har arbeidd for prosjektet i tiår etter tiår. Den same takka går Statens vegvesen og den politiske leiinga i Samferdsledepartementet v/minister Ketil Solvik-Olsen. Utan deira hjelp i innspurten hadde vi ikkje vore i gang. No kan vi telja ned mot opning i 2021/22!

Heldigvis består ikkje livet berre av store prosjekt. Det er flest kvardagar.

Tryggleik i kvardagen er viktig. Det gjeld familien, økonomien, helsa, tilbodet i barnehage, skule og fritid. Er ulukka ute står også naudetatane klåre til å hjelpa 24/7. Eg vil difor nytta høvet til å retta ein ekstra stor takk til alle våre medarbeidarar som kvar dag året gjennom yter sitt maksimale for at vi osingar skal ha eit best mogeleg tenestetilbod i kvardagen. Ofte er dei økonomiske rammene tronge, men dei leverer likevel kvalitet og service anten det er dag, kveld, natt eller helg. Det er desse vel tusen medarbeidarane, og våre private og friviljuge samarbeidspartnarar, som gjer Os til ein kommune med ”livskvalitet for alle” i tråd med misjonen i Os inspirerer-prosjektet. Tusen takk alle saman!

Personleg må eg også få takk for fornya tillit ved kommunevalet i haust. Det er langt frå sjølvsagt å få fornya tillit etter fire periodar. Men eg er glad i bygda, glad i dåke osingar, og ser fram til nye spennande år der vi i fellesskap skal utvikla Os vidare.

Ta vare på kvarandre gjennom nyttårsfeiringa, og ta gjerne del i fellesfyrverkeriet på Osøyro nyttårskvelden. Då markerer vi at 2016 ligg klårt for oss med nye store og små utfordringar, gleder, sorger og opplevingar! Carpe diem – grip dagen og moglegheitane i det nye året.

Godt nytt år til dykk alle!

Terje Søviknes (Frp)
Ordførar, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.