Lokal | 03. jan. 2015

Høgdepunkta vi har i vente

Veg, skule, omsorg, kultur, idrett og næringsliv; dette er status og spennande datoar for dei viktigaste 12 sakene for Os i 2015 - sånn ordføraren ser det.

Høgdepunkta vi har i vente
Veg, skule og Liv på Øyro er blant dei mest spennande sakene i Os i 2015. Saman med valet til hausten. (Foto: KVB, ill.: Statens vegvesen/3RW)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. jan. 2015 13:08

Dette året skal innehalda alt frå byggestart på E39 Svegatjørn-Rådal til utviding på Luranetunet og bygging av noko dei fleste bokstavleg talt skiter i, men som er det største prosjektet i Os nokosinne; OHARA (Os hovudavlaupsreinseanlegg).

Vesle nyttårsaftan fekk vi ein prat med Terje Søviknes (Frp) om status og tidspunkt for avgjerder i dei mest viktige og spennande sakene i 2015. I tilfeldig rekkefølgje:

Kommunestruktur/evt. samanslåing

– Denne saka kjem til å prega store delar av året. Tidleg våren 2016 skal Os kommunestyre fatta endeleg vedtak i saka, og det komande året må nyttast til analysar, vureringar og drøftingar av kva som er beste løysinga for Os. 20. januar skal vi ha møte i styringsgruppa, som består av formannskapet saman med gruppeleiarane i lokalpartia.

– Allereie i første møte må vi koma nokre steg vidare, mykje av dette arbeidet bør vera ferdig før sommaren grunna kommunestyrevalet til hausten.

– Resultatet i undersøkinga Midtsiden hadde, som viste at ganske mange er positive til ei endring, overraska meg litt.

E39 Svegatjørn - Rådal + ny sideveg

– I første omgang blir det spennande å sjå kven som får dei to kontraktane, den på Os-sida og den frå Bergen mot Os.

Første spadetak, eller rettare sagt, første trefelling, er venta å bli rett over sommarferien.

– I Hordaland fylkeskommune skal vi inn i ein planprosess med Regional Transportplan (RTP), ein 10-årsplan der det er viktig å få inn dei rette fylkesvegprosjekta. For Os sin del vil vi kjempa spesielt for å få inn ny fylkesveg frå Åsen til Helleskaret, ein heilt ny veg som knyter Drange og Lysefjorden tettare på ny E39.

– I same terreng ser vi også fram til detaljregulering av Lyseparken, til å omsetja ABO sine konseptskisser til ein klar plan.

Utbetring av fylkesvegane i Os

Søviknes ramsar elles opp fem spesielt prioriterte fylkesvegprosjekt, som han gjerne vil ha inn i Regional Transportplan (ikkje rangert i rekkjefølge);

• Grindavoll-Lepsøy: Prosjektet har kome lang i både plan og finansiering, men nokre midlar manglar.

• Hatvikvegen, gang- og sykkelveg: Kjem denne inn i Regional Transportplan er det til hjelp også for Bjånes-utbyggarane.

• Hegglandsdalsvegen, gang- og sykkelveg frå Hatvikvegen til Vallabrua.

• Åsen - Lysekloster skule/Drange: Vegen som blei nemnt i førre avsnitt, frå området ved hundeskulen, der vegen frå E39 og Lysekloster kjem, og over mot Hellebakkane og krysset ut mot Drange.

• Lyseklostervegen: Utviding og utbetring av vegen forbi klosterruinane og hovudgarden, eit smalt og sårbart område, spesielt når vegen over Søvikåsen er stengt og trafikken aukar.

E39 Hordfast - med bru over Bjørnafjorden

– Dette er eit stort tema og eit viktig slag står allereie no, fram mot april-mai, når planprogrammet skal bli vedtatt.

– For Os sin del er spørsmålet kor raskt vi klarer å sila vekk det eine trasealternativet som står att med dagløysing i Øyane. Eg ser gjerne at vi allereie no i vår kan få dette alternativet skrinlagd, slik at vi snarast kan få ro om skjergarden i Øyane og konsentrera oss om den beste tunnelløysinga inn til Moberg/Svegatjørn i den vidare prosessen.

Utbygginga på Bjånes

Bjånes Fjordboliger AS har ikkje råd til å venta til det kjem gang- og sykkelveg til Hatvik. Plan- og bygningsutvalet la i november detaljplanar for dei første bustadområda, inkludert dispensasjon frå rekkefølgekravet for dei første 200 bustadane, ut på høyring.

– Denne saka kjem vi til å jobba med frå starten på året. Vi vil blant anna ha møte mellom utbyggjar, vegeigar Hordaland fylkeskommune og Os kommune. Min ambisjon er at vi skal få plass ein bindande utbyggingavtale med Bjånes Fjordboliger, som sikrar utbygging av gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen. Denne kjem nok på plass, men treng også prioritering i Regional Transportplan. Difor treng vi truleg ei midlertidig løysing med gangveg i Midtbøvegen dei første åra, men dette vert med mindre trafikksikringstiltak på stekninga ei veldig god løysing. Det er venta at vi har endeleg behandling av dispensasjonssøknaden i kommunestyret tidleg i vår.

Ny skule – ny del av skulebruksplanen

I august i år skal nye Lysekloster barneskule stå ferdig, ein skule med nesten ein heil etasje som står uinnreia, klar til enkel og billig seinare utviding.

– Når denne skulen er ferdig er vi også ferdig med første fase av skulebruksplanen.

– Då har vi brukt rundt 350 millionar kroner på 3 år.

Så skal andre fase starta, med planlegging av ny skule i Os aust. Men først står eit anna stort prosjekt aust om elvo for tur:

Ny utviding på Lurane

– Her kjem 90 nye bueiningar i eit nybygg på sørsida av dagens sjukeheim. Byggestart blir andre halvår.

– Dette blir eit praktanlegg der vi blant anna får realisert det som har vore mange sin draum, ein tropisk temperert hage mellom bygningane. Denne typen hage er heilt nytt innan eldreomsorg i Noreg.

Bygget kjem til å kosta over 200 millionar kroner. Os kommune kjem til å få bra med investeringstilskot frå staten, men kjem naturlegvis til å merka auka driftskostnadar når alt er ferdig i 2017.

Seinare skal ombygging av den gamle sjukeheimen planleggast og gjennomførast.

Os fram til 2040

Ein annan stor og viktig plan er samfunnsdelen av den overordna kommuneplanen. Denne skal formast i år.

– Samfunnsplanen skal handla om kommunen dei neste 12 år, men vi har valt å utvida og prøver å sjå 25 år fram, til 2040.

– Planen skal handla om korleis infrastruktur, buareal og tenestetilbod skal byggast ut i takt med auka innbyggartal. Eg håper vi får planen forma og vedtatt i kommunestyret i juni.

OHARA

I 2015 skal det vera byggestart på OHARA, eit nytt hovudavlaupsreinseanlegg for alt offentleg avlaup i Os, det mest omfattande prosjektet Os kommune har bygd.

– Mykje av lufta gjekk ut av ballongen då vi valte plassering i Liafjellet.

– Det blir likevel ein spennande og teknisk krevjande byggeprosess og installasjon.

Fem store idrettsprosjekt

Også innan idrett blir det forholdsvis store byggeprosjekt som skal planleggast eller få byggestart i år.

– På Kuventræ blir det byggestart på første del av nytt sentralidrettsanlegg. Friidrettsanlegget skal stå ferdig til sommaren.

– Eg håper andre trinn, bygging av ny dobbelthall, får byggestart i andre halvår. Det er det meste klart, det er blant anna positiv dialog med grunneigar for litt omlegging av vegen for å gje plass til hallen.

Dei fire andre større prosjekta er:

Friplassen på Søfteland, skal stå ferdig på forsommaren
• Utviding av Framo Lysekloster idrettspark, skal stå ferdig til sesongstart
• Ny 7-arbane på Halhjem, skal byggast i år
Utviding av motocrossbanen i Kolskogheiane, under planlegging, ventar på blant anna støymåling før byggesøknad kan sendast

Meir liv på Øyro

– No skal vi over på ein ny fase, frå plan til realisering.

Først ut er Bydraget med Torget, og her er det ekstra spennande med nye krefter på eigedomssida i sentrum.

Aspenes-brørne kjøpte nyleg over 2200 kvadratmeter, Os Bygg og Eigedom rundt 950 kvadrat av eigedomsmassen i sentrum.

– Kva med kvartalet frå Drageset-hjørnet rundt Sparebanken Vest til Lepsøe og Fagerthun?

– Då vi ikkje blei samd om pris i sommar såg vi oss om etter andre bygg. Der er fokus no. Os Bygg og Eigedom er eit godt verktøy til denne revitaliseringa.

Kultur og ambassadørar

Også innan kultur og underhaldning er det mykje å sjå fram til i år.

– Det er spesielt tre osingar eg gler meg til å følgja gjennom vinteren og resten av året, Sverre Lunde Pedersen, som verkeleg har tatt eit steg vidare på skøyteisen, den ambisiøse symjaren Ariel Braathen og - ikkje minst - den internasjonale lanseringa av songar og låtskrivar Aurora Aksnes.

Ordføraren ser også fram til Osfest, år 2, til to nye besøk av Statsraad Lehmkuhl i juni, til Pushwagner i Oseana og til Arne Møland sitt nye, og spennande skulpturutstilling-prosjekt til sommaren.

Så kjem valet

2015 kjem også til å bli prega av at det er kommunestyre og fylkestingval i september.

Søviknes er både ordførarkandidat og først på fylkeslista til Frp.

– Det er ikkje noko nytt i det, slik var det også i dei førre rundane. Og min prioritet er framleis den same, eg vil heller vera ordførar i Os enn fylkesordførar, om eg må velja.

Blir han ordførar også etter valet til hausten blir det 20 år på rad med Søviknes bak rattet. Kvar hentar han motivasjon frå?

– Spesielt dei to siste periodane har vi hatt eit veldig tett og godt samarbeid mellom politisk nivå administrasjonen og tillitsvalde. Ikkje minst har det gjeve gode økonomiske resultat for Os kommune. Også i 2014 vil vi får eit overskott i regneskapen. 16 år er lenge i seg sjølv, men det har verkeleg skjedd noko i Os-bygda etter at vi fekk eit fast politisk flerital med FrP/H. Og det står så store, viktige og spennande oppgåver for tur som nemnd ovanfor, så er det lett å lata seg inspirera, seier ordførar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.