Sport | 20. sep. 2014

Veks seg inn i ny bane

Seks dagar i veka står sandspruten rundt motorsyklane i grustaket ved Ulvenvatnet. No vil den veksande klubben dobla banen og bygga tribune.

Veks seg inn i ny bane
Jane Espeland framfor banen for dei yngste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. sep. 2014 09:10

Bildeserie:

Klubben har aktive medlemmar heilt ned i 5-årsalderen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klubben har aktive medlemmar heilt ned i 5-årsalderen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På banen er det aktivitet seks dagar i veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På banen er det aktivitet seks dagar i veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klubbhuset har kjøkken, verkstad og opphaldsrom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klubbhuset har kjøkken, verkstad og opphaldsrom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Banen skal no bli større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Banen skal no bli større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Banen blir ikkje berre lengre, den skal bli veldig gøy å kjøra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Banen blir ikkje berre lengre, den skal bli veldig gøy å kjøra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klubben haustar mange medaljar og vandepokalen for beste klubb ser ut til å bli verande heime i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klubben haustar mange medaljar og vandepokalen for beste klubb ser ut til å bli verande heime i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Os MC og MX klubb var 30 år i 2012. I starten var det mest MC, dei siste ti åra har det vakse fram eit stort, levande og talentfullt motocrossmiljø.

– No jobbar vi for fullt med å få utvidinga som det i vår endeleg blei opna for, seier formann Jane Espeland.

Rett før påske i år kom gladmeldinga, Os kommune hadde blitt einige med Forsvaret om leige av naboterreng for utviding av banen. Jane blei så glad at det gav fysiske utslag i form av nesten ein time med dansing heime i stova.

240 medlemmar

Os MC og MX klubb har 240 medlemmar i familiemedlemsskap, rundt 100 av dei er aktive kjørarar.

– Vi har medlemmar som er åleine som utøvar. Men dette er typisk ein idrett som lokkar heile familien på banen, som tilskodar og som aktiv. Nokre drikk kaffi, steiker vaflar og koser seg som publikum, andre mekkar på syklar og hjelper til på andre måtar. Men mange av familiemedlemmane prøver seg også nokre rundar i løypa sjølv om dei ikkje er aktive.

I toppen

Klubben har dyrka fram utøvarar som har tatt medalje i NM og som har kome gjennom nålauget til inntak på Norges Toppidrettsgymnas.

To gongar, seinast i fjor, har dei vore kåra til den beste klubben på Vestlandet. Medlem Jan Hetleflåt har laga ein tøff vandrepokal som no står «heime», altså i klubbhuset i Kolskogheiane.

– Vi har sjanse til å bli beste klubb også i år, seier Jane fredag, før avreise til Stord og siste runde.

Kjører for livet

I klubbhuset er det garderobe, toalett, ein liten verkstad, eit kjøkken og ein hems der medlemmane kan samlast. Motorsyklane tar medlemmane med seg til og frå trening sjølv.

– Du treng tilhengarfeste eller ein stor bil når du skal driva med denne sporten. Nokre få medlemmar har plass her til sykkelen, men hovudregelen er at folk tar den med heim.

Sjølve sykkelen kostar gjerne frå 25.000 kroner, men klubben har fore utleigesyklar.

– Desse er i bruk heile tida.

Os MC og MX klubb er også vertskap for det riksdekkande prosjektet for ungdom, Kjør for livet, som Os var med i frå start og som er vidareført også i 2014-2015-sesongen.

– Kjør for livet har eigen konteinar med verkstad og syklar i, og er ein flott del av klubben.

I vår blei Kristoffer Hjertholm, som no er instruktør, kåra til årets rollemodell i Noreg i Kjør for livet.

Smittsam spenning

Det var ikkje mykje liv i klubben på tida då Remy Matre tidleg på 2000-talet byrja å leika seg i grustaket ved MC-klubben sine lokale. Folk kom og såg på, prøvde sjølv og blei hekta, inkludert begge brørne, Stian og Marco, og pappa Jarle.

Det blei dialog med kommunen og med Os vgs, bygd bane i terrenget ned mot Ulvenvatnet og det blei seinare utbetring av banen og bygging av minibane for dei yngste, dei ned mot fem (!) år. Men arbeidet som no skal byrja blir langt meir omfattande.

Lengre, breiare og betre

– Banen vi har i dag er knappe 400 meter, den nye blir nærmare 1000 meter lang.

– I tillegg blir den langt breiare, 10 meter er målet, og vi håper på å få bygd ein kombinasjon av lydvegg og tribune på toppen oppe ved Ulvenvegen.

Ekstern ekspertise i form av ein banegodkjennar har vore med på å planlegga ny løype ut frå klubben sin hovudvisjon; banen skal by på tøffe utfordringar og vera gøy å kjøra. Det skal vera sånn at andre klubbar gler seg til å koma til Os som gjest.

Rakk fristen

Frå klarsignalet før påske til no har det både vore planlegging av korleis anlegget skal bli og dialog med grunneigar.

– Det viser seg at også Statskog blir part i diskusjonane, og vi måtte ha møte no tidleg på hausten.

– Anlegget kjem til å kosta, så vi treng både lån og støtte.

Finansiering skal også på plass og Espeland har håpa på å få kontrakten dei treng til søknaden på plass innan fristen 15. september.

– Statskog held på å forma kontrakten og Forsvaret skal ha med nokre linjer med formuleringer dei jobbar med internt.

– Men Søviknes klarte i førre veke, i ein veldig travel periode, å laga eit skriv vi i mellomtida kan bruka til søknaden.

Espeland seier klubben vil vera varsam.

Vi har sett klubbar som har tatt litt mykje i når dei har bygd nytt anlegg, og tatt på seg for høge kostnadar sånn at dei slit seg ut.

– Vi vil ha det nytt og fint, men ikkje større og dyrare enn at vi framleis har det gøy, seier Jane Espeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.