Øyafest | 26. okt. 2024

Våpendragarar frå Hardanger skal dela scene med cowboyar frå Fredrikstad

Øyafest med artistslepp under fest for frivillige.

Våpendragarar frå Hardanger skal dela scene med cowboyar frå Fredrikstad
Frontfigur Magnus Grønneberg på scenen i telt på Øyro under Vårsleppet i 2007. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. okt. 2024 20:17

I kveld har Øyafest-arrangørane fest for dei frivillige. I løpet av festen, som går av stabelen i ungdomshuset Skogheim i Øyane, er det artistslepp.

– Me har booka CC Cowboys til hovudscenen neste år, fortel festivalsjefane Ivar Bøthun og Tommy Aasen.

Det betyr at våpendragarane Gunslingers frå Tørrvikbygd skal dela scene med rutinerte cowboyar frå Fredrikstad på Sundøy Arena laurdag 2. august neste år.

CC Cowboys-sleppet blei mottatt med jubel og allsong av 90 festdeltakarar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
CC Cowboys-sleppet blei mottatt med jubel og allsong av 90 festdeltakarar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– At det skulle bli rom for å få eit av Norges største og beste band på scenen allereie no, hadde me ikkje sett for oss då me starta, seier Ivar til Midtsiden.

– Men det var faktisk ein målsetnad finansministeren vår (økonomisjef Torbjørn Hjelle) sette allereie før første festival. «Då booker me CC Cowboys til 2025-festivalen» sa han. No blir det sånn.

Vill og vakker

CC Cowboys, som har tatt namnet sitt frå ei låt av det svenske bandet Imperiet, debuterte med albumet Blodsbrødre i 1990.

Det blei ein stor suksess, og cowboyane følgde opp med «Rock'n Roll ryttere» og «Tigergutt» dei to neste åra.

CC Cowboys i dag. Foto: Nina Djerff / pressebilde
CC Cowboys i dag. Foto: Nina Djerff / pressebilde

I alt har dei gitt ut 15 album, inkludert eit livealbum og tre samleplater. Ferskaste plate er «Perfekt normal» i 2018.

Metallica valte å covra ei Cowboys-låt under Tons of Rock.

Dei har òg spelt inn sin versjon av den avdøde osingen Magne Lunde og resten av Saft si låt, «People in Motion» frå 1971, på nytt (i 1993).

CC Cowboys har spelt i Os før, både under Osfest og i telt midt på Osøyro under Vårsleppet i 2007.

Frå før er det kjent at Vidar Villa speler i teltet fredagen, ein konsert som blei utselt på 13 timar.

Laurdag på hovudscenen står altså Gunslingers og CC Cowboys for tur, mens det framleis er fleire band som skal sleppast til både telt og storscene laurdag - og til Humrahølo torsdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.