– Beste gåva eg kunne fått!
Ein trygg Eirik Søfteland tok seg vidare til topp-5. Bursdagsbarnet Tone Damli takka Eirik Søfteland bak trommene for den beste bursdagsgåva ho kunne fått.
Eirik Søfteland tok plass bak trommene då han framførte Månemannen av Vamp som siste mann ut i Idol fredag kveld.
I starten av programmet sjarmerte han dommar og bursdagsbarn Tone Damli med Tigergutt av CC Cowboys i deltakarane sin intro-medley.
Norsk på norsk var tema for kveldens sending og deltakarane viste at dei beherska morsmålet til fulle.
For å rigge scena for Eirik med fullt trommesett blei han siste mann ut. Ikke først som vi trudde då vi snakka med Eirik før kveldens program.
– Ta i mot trollmannen frå Os. Rockekongen Eirik Søfteland, avslutta programleiar Stian Blipp første del av programmet med.
Dumdristig Eirik
Eirik overbeviste bak trommesettet og leverte kveldens best prestasjon frå scena i Chateau Neuf.
– Då du kom inn i Idol blei du mistenkt for å vera ein artist med berre eit kort i ermet.
– Du har eit godt snev av dumdristighet når du skal spele trommer samstundes med å synga, introduserte Stian Blipp.
– Ville sett på for lenge sidan
Eirik spelte så taket løfta seg og fekk dagens beste tilbakemeldingar frå dommarane. Ståande applaus og vill jubel i salen då han avslutta.
- Herregud, var den umiddelbare responsen frå dei fire dommarane.
– Hadde eg visst at dette kunne skje på Idol hadde eg sett på for lenge sidan, jubla Dansken.
– Tusen hjerteleg takk. Dette var den beste bursdagspresangen eg kunne fått, strålte Tone Damli.
– Se meg bukke djupt og stiligt, helsa Gunnar Greve med referanse til teksten.
– Dette var sinnsykt!
– Du er definitivt den med mest musikk i kroppen, helsa Kurt Nilsen.
Har gjort det før
Etter showet fekk Eirik Søfteland spørsmål om han ikkje hadde grudd seg.
– Nei, dette var spekemat frå ende til annen.
– Eg var trygg på at eg skulle klare det, eg har gjort det før, smilte idolet Eirik Søfteland.
Sverre Eide rauk etter å ha framført Gabrielle sin Ring meg.