– Måtte Osfest leva i 100 år
Sånn blei avsluttinga på første Osfest.
Osfest er over og arrangørane har allereie konkludert:
– Det blir ny Osfest neste år. Vi slåst mot regnet og vi vann!
– Eg er rørt over mottakinga og over alle dei varme tilbakemeldingane og klemmane eg fekk laurdag kveld, seier Tor Egil Hylland.
Les meir og sjå bildeserie frå første festivalkveld, fredag.
Sjå korleis styrtregnet prega første halvdel av Osfest laurdag.
Cirka 3000 gjestar
Osfest har fått stor støtte av Os kommune og lokalt næringsliv og var ajour med rekningar før festivalen starta.
– Alt av rekningar er betalt på forfall før festivalstart, det er vi nøgd og glad for.
– Vi har plass til meir folk enn det som kom i helga. Eksakte tal har vi førebels ikkje summert, men rundt 1000 fredag og cirka 2000 laurdag er førebels estimat.
Fleire andre faktorar tilseier også at det samla sett var rundt 3000 på festivalområdet desse to kveldane. Det blei for eksempel selt 2500 liter øl. I tillegg kjem cider og vin, og kaffi og brus til dei som heldt seg edrue.
Dumdum Boys tok kaka
Laurdag hadde det kome fleire båtar i hamna, det var god stemning på vorspiel på Peppes, som seinare blei ramma av lynnedslag, og Dumdum Boys, som varma opp med leirdueskyting, hadde absolutt meir krut igjen til kvelden.
Etter den våte starten mellom artistane Pogo Pops og Green Granada gjekk spellemannsprisvinnar Gina Aspenes på scenen, til stormande jubel frå det kliss våte publikummet.
– Det kunne ikkje kome meir regn enn det kom laurdag. At folk blei verande er heilt fantastisk, synest Hylland.
Jace Everett, som måtte melda avbod, blei erstatta av festivalarrangør og fleire gongar spellemannsprisvinnar, Ole Reiner Berg-Olsen med band.
Så, rett før midnatt, kom Dumdum Boys på scenen. Rundt 2000 sto tett i tett framfor scenen og allsong-faktoren var høgare enn tidlegare på festivalen. Låta Englefjes fekk for alvor folket med på notene og Splitter Pine blei spart til slutt.
– Måtte Osfest leve i 100 år sa Per Øyvind «Prepple» Houmb før bandet gjekk av scenen – for så å bli ropt inn igjen på ekstranummer.
– Vi har det ikkje så jævla travelt, sa Prepple og gav publikum endå meir.