Første slepp til Øyafest 2025
Duka for one night stand på Sundøy Arena.
Øyafest 2024, den tredje i rekkja, blei nok ein suksess - og med ei rekkje nye rekordar.
No er dato og første artist klar - nysignert tysdag ettermiddag.
– Vidar Villa kjem for å spela i teltet fredagen, fortel festivalsjef Tommy Aaasen.
Øyafest 2025 blir arrengert frå torsdag 31. juli til laurdag 2. august.
– Målet med konsertane i teltet fredag er å treffa flest mogleg, noko 18-åringane kan festa etter og noko 70-åringane, som har jobba dugnad heile veka, kan kosa seg med.
Vidar «Villa» André Grødset er fødd i 1989 og er frå Skedsmokorset. Han er kjent for låtar på norsk, som «One Night Stand» og «Herregud».
Villa deltok i Melodi Grand Prix 2018 med låten «Moren din» og blei i 2022 nominer til Spellemannprisen i klassen festmusikk.
– No har me hatt nokre år med ei rekkje band frå Vestlandet, i 2025 blir det låtar på auslandsk. Me trur Vidar Villa kan laga god sommarstemning på Sundøy Arena.
Det skal òg bookast inn eit band som speler etter Vidar Villa i teltet. Aasen seier det heller ikkje er lenge til første namn på hovudscenen kjem.
I år blei det utselt både fredag og laurdag.
Billettane til 2025 kom for sal i kveld.