Motor | 23. nov. 2024

Treningsbane kan bli permanent stengt

Eigarane av Lien-fabrikken låner vekk parkeringsplassen sin. Men burning nattestid kan føra til stenging.

Treningsbane kan bli permanent stengt
Fleire gongar norgesmeister Trond Tøsdal har sjanse til å finslipa teknikken i heimbygda. Foto: privat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. nov. 2024 15:22

Parkeringsplassen bak nedlagte Lien-fabrikken i Hegglandsdalen har dei siste åra, med løyve, vore brukt til test og trening.

Rallycrossutøvar Jarle Nytræ, som òg leigde garasje i fabrikken, hadde nytte av plassen då han var aktiv.

I dag er det køyreskule og roadracing-utøvar Trond Tøsdal som har løyve av familien Lien til å halda asfalten varm.

Men no er det sjanse for at plassen blir stengt av.

«Nå renner det på med biler som herjer på dette området også. Dette er ikke veldig populært hos grunneier, spesielt når aktiviteten foregår på nattestimer» skriv Team Tøsdal i eit Facebook-innlegg.

– Eg har fått bruka denne plassen til trening i 5-6 år. Det er praktisk å ha ein plass i nærområdet seier fleire gongar norgesmeister, Trond Tøsdal til Midtsiden.

Han ber utanforståande halda seg unna området, så det ikkje blir stengt av.

Overvakingskamera skal vera sett opp, og eventuell ferdsle på området kan bli følgd opp.

«På forhånd takk for at du tar hensyn» skriv Tøsdal.
Tips gjerne de som glemte å tenke seg om, så slipper de å gjøre det igjen…

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.