Lokal | 02. juni 2016
MC-uhell i Hegglandsdalen
Ein moped/lett-mc velta i Hegglandsdalen, tre tohjulingar fekk i same slengen køyreforbod.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juni 2016 10:04
I 23-tida onsdag kveld rykte politiet ut til Hegglandsdalen grunna melding om uhell på moped.
– Det var ein del mopedar/lette motorsyklar på staden, ved den tidlegare Lien-fabrikken.
– Ingen var skadd, men tre lette tohjulingar fekk køyreforbod grunna tekniske manglar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
50 kontrollerte i Lysefjorden
Tidlegare på kvelden, i 21-tida, hadde politiet trafikkontroll med sjekk av dokument i Lysefjorden.
– Vi sto i krysset mellom Lyseklostervegen og Sperrevik. 50 bilar blei kontrollert og alle hadde alt i orden.