Sport | 07. okt. 2016

Klar for RallyX-finale

Onsdag reiste CircleX-teamet, der Jarle Nytræ og Frode Holte køyrer, til Grenland for finale i RallyX Nordic.

Klar for RallyX-finale
Plassen er knapp så døra må av for at smidige Nytræ skal sleppa å sitja i lasterommet på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. okt. 2016 15:51

Bildeserie:

Ein supercar og to trailarar må til når CircleX skal på løp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein supercar og to trailarar må til når CircleX skal på løp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen Solstrand, Jarle Nytræ og Marius Lepsøe i CircleX. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Espen Solstrand, Jarle Nytræ og Marius Lepsøe i CircleX. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein liten omveg rundt kjeglene på veg om bord i traileren i Hegglandsdalen. (Foto: KVB)
Ein liten omveg rundt kjeglene på veg om bord i traileren i Hegglandsdalen. (Foto: KVB)
Nytræ og Holte side om side i juli. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
Nytræ og Holte side om side i juli. (Foto: Lars Mårtensson, griddd.se)
– Eg køyrer for å læra. Og fordi det er gøy, seier Jarle. (Foto: KVB)
– Eg køyrer for å læra. Og fordi det er gøy, seier Jarle. (Foto: KVB)
1 av 5

Osingen Jarle Nytræ debuterte i fjor og tok i juli i år, i sitt sjette løp, 2. plass i RallyX Nordic i klassen Super Car.

– Dette er den klart beste plasseringa mi i år, så får vi sjå kva vi får til i morgon, seier Nytræ, på plass på banen på Grenland.

Han har køyrd alle dei fem første av seks RallyX Nordic 2016 og ser veldig fram til både finalen og banketten laurdag.

Finalen blir sendt direkte på svenske SVT1, også på nett, og følgjast utan abonnement.

– Det viktigaste er å få køyra

Trass den imponerande dobbeltsigeren i juli, der Holte tok 1. plass og Nytræ kom på plassen bak, er CircleX eit stykke unna pallen samanlagt før finalen.

– Eg ligg på 9. plass og Frode på 8. plass av 17 køyrarar, seier Jarle om seg sjølv og lagkameraten.

Han måtte sjekka listene då Midtsiden spurde om status før finale.

– Samanlagtplassering har eg ikkje vore så opptatt av, det viktigaste har vore å få køyra mest mogleg. Eg er framleis ny i gamet og deltar for å læra. Og fordi det er veldig gøy!

– Vi har fått alt til å fungera

Onsdag sto to trailarar lasta og klare for avreise frå Hegglandsdalen til Grenland.

Nytræ er opptatt av å få fram at heile laget er viktig, Espen Solstrand, Marius Lepsøe, Jan Tore Ulvatn,Stein Inge Frostad,Malin Eng,Maren B Nytræ og Ole Kristian Nøttveit er saman med pilotane Nytræ og Holte viktige brikker i CircleX.

– Denne sesongen har vore innkøyring av teamet og vi har verkeleg fått alt til å fungera. No er det berre han eine piloten igjen, seier Jarle om seg sjølv mens han ler litt.

– Neida, eg er nøgd med sesongen og føler eg har hatt god progresjon. No får vi 2 x 4 rundar på banen i dag og nokre rundar med trening i morgon tidleg før start.

Sjå finaledagen på TV eller internett

Vil du sjå Jarle si køyring laurdag kan du følgja RallyX Nordic-finalen på SVT1 frå klokka 16 til 17.50.

På nett blir alle heat sendt direkte på denne adressa på SVTplay.se.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.