Trening og kreft
Kreft rammar uvilkårlig, men kva kan vi gjera sjølv, for å forebygga?
Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem kvar månad med råd innan trening og ernæring.
Både oktober og november er månadar med fokus på kreftsaka.
I oktober har vi Rosa sløyfe-aksjonen, med formål å spreia informasjon og auka kunnskapen om brystkreft, og visa solidaritet med dei som er ramma av sjukdommen.
No i november er det blå sløyfe-aksjon, med samme formål som rosa sløyfe, retta mot prostatakreft.
Brystkreft og prostatakreft er to av dei fire mest vanlege kreftdiagnosane i Noreg. Tarmkreft og lungekreft er dei to andre.
Kor mange av oss får ein kreftdiagnose i løpet av livet?
- Tal frå Folkehelseinstituttet viser at med dagsens kreftbilde vil om lag 45 prosent av norske menn og 38 prosent av norske kvinner få ein kreftdiagnose innan fylte 80 år.
- 3 av 4 krefttilfelle rammar menn og kvinner over 60 år.
- 3 av 4 som får kreft i Norge overlever sjukdommen.
Dette er utvilsamt høge tal, og mange av oss vil dessverre oppleva å få ein kreftdiagnose i løpet av livet.
Kreft rammar uvilkårlig, men kva kan vi gjera sjølv, for å forebygga?
Livsstilsfaktorar, altså måten vi lever på, er rekna å vera årsak til eitt av tre krefttilfelle. Det positive her er at livsstilsfaktorar kan vi aktivt gjera noko med.
Vi har ingen garanti mot å utvikla kreft, men vi veit at ved å ta nokre gode val, kan vi redusera risikoen.
Røyking er viktigaste risikofaktoren. Vi bør unngå bruk av tobakk, vera forsiktig med alkohol og sol, trena regelmessig og ha eit sunt kosthald.
Regelmessig fysisk aktivitet reduserer risikoen for utvikling av tjukktarmskreft og brystkreft.
Det blir rekna som sannsynleg at det òg reduserer risikoen for kreft i prostata, lunger og livmor. Tal viser at dette er kreftformer som utgjer cirka 45 % av alle krefttilfeller.
Det er derfor god grunn til å prioritera trening.
Kva aktivitet forebygger kreft?
Det generelle rådet til Kreftforeningen, for å forebygga kreft, er at vi generelt skal ha ein fysisk aktiv kvardag og at vi skal begrensa stillesittinga vår.
Vi bør vera i dagleg fysisk aktivitet, helst 30 minutt, med god intensitet. Vi skal bli varm og andpusten.
Det positive her er at alle formar for fysisk aktivitet kan bidra til å minska risikoen for kreft. Det er heilt opp til deg å velja den aktiviteten du trivst med.
Dess meir fysisk aktive vi er, dess betre.
Fysisk aktivitet er ferskvare. Dette gjeld gjennom heile livet.
Det er aldri for seint å byrja, og alle aktivitetsminutt vi gjennomfører gir oss eit positivt utbytte helsemessig.
Regelmessig trening er grunnleggande for ei god helse, noko som er like viktig i alle livsfasar.
Torill Bakke
Fysioterapeut og personlig trenar