Omfattande søk etter sakna kvinne
Blei sist observert heime klokka 02 i natt.
Klokka 08.40 fekk politiet melding om ei kvinne som var sakna frå bustaden sin i Varåsen.
Kvinna blei meldt sakna av mannen sin.
– Då han vakna i 08-tida i dag var kona vekke, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Ho blei meldt sakna rundt 08.40, politiet gjekk ut med informasjon klokka 11.33.
Eventuelle tips og observasjoner kan meldast til politiet på telefon 02800/112.
– Den sakna kvinna er i 60-åra og cirka 180 centimeter høg. Ho er tynn og har mørkt, skulderlangt hår. Ho går truleg i støvlettar og skjørt.
Politiet er på plass med tre patruljar, og bruker blant anna drone og hundepatrulje i søket.
Mannskap frå frivillige organisasjonar er kalt ut.
OPPDATERT kl 12.40:
I skrivande stund er det 10-15 personar ute og deltar i søket, men det kan auka betydeleg.
– Vi er heilt i etableringsfasen, seier innsatsleiar frå politiet, Øystein Magnussen til Midtsiden.
Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder er på plass med frivillig mannskap.
Siste observasjon er klokka 02 i natt, i eigen heim.
– Vi veit at kvinna har gått seg ein tur, og det blir søkt både i nabolag og i turterreng. Utfordringa er å veta kor langt ho har gått frå heimen.
Kvinna skal vera ikledd eit mørkt, prikkete skjørt.
Politiet er framleis interessert i tips.
Saka blir oppdatert ...