Politi | 22. juni 2024

Skreiv ut to store forelegg

UP hadde fartskontroll i Endalausmarka i går.

Skreiv ut to store forelegg
To trafikantane blei målt til omtrent same fart, så vidt høg nok til tre prikkar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 22. juni 2024 07:11

Fredag i 14.30-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 i Endalausmarka.

– Dei kontrollerte trafikken med retning Os, opplyser operasjonsleiar Janne Kjeseth i Vest politidistrikt.

Resultatet blei to forenkla forelegg i 100-sona. Dei to trafikantane blei målte i 121 og 122 km/t.

Begge kvalifiserer til 9550 kroner i forelegg og begge var akkurat over grensa til å kvalifisera til tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.